Marte Bjerke

Kva er det med Ål?

Få, om noka norsk bygd har fostra så mange musikarar som Ål. Men korleis kan det ha seg? Her er så tyst.
2020110311580020201120165059

marte@musikkultur.no

Musikkliv og musikkliv...

Arne Moslåtten snakkar med ein lun autoritet som berre fell naturleg for folk som har levd ei stund.

– Det skjer, men det skjer meir lukka og privat. Sjølve miljøet er ikkje så synleg, eigentleg, fortset han.

Skinnsofaen klagar, gjer altfor mykje av seg. Stikk motsett av Arne. Og Ål i det heile. Mistenkjer eg.

– Det er veldig mange som har gjort musikk til noko meir enn ein hobby, men å seie at musikklivet på Ål er så valdsamt blomstrande, det er det nok ikkje, sånn offentleg sett. Folk kjem saman og så driv dei med ting ein eller annan plass, og det kan vere ganske tøffe ting, men du kan gå forbi det huset og ikkje ane at det skjer noko der.

Arne humrar.

• Les også: Hva er det med Sortland?

EIN AV DEI MUSIKALSKE STAMFEDRENE I ÅL: Arne Moslåtten er tidlegare rektor på kulturskulen og mangeårig medlem og tekstforfattar i Hellbillies.

EIN AV DEI MUSIKALSKE STAMFEDRENE I ÅL: Arne Moslåtten er tidlegare rektor på kulturskulen og mangeårig medlem og tekstforfattar i Hellbillies.

Marte Bjerke

Suksessfaktor éin: Ein stad å spele for folk

Vi skal spole nokre månadar tilbake, til 10. mars. Ja, like før landet stengde ned. Det er som hotellet på Ål ligg og ventar på at nokon skal kome. Men ingen kjem. Gata strekker seg svevnig på utsida.

Thon Hotel Hallingdal er ikkje ein tilfeldig åstad for intervjuet med ein av stamfedrane til musikklivet i bygda. Arne Moslåtten er tidlegare rektor på kulturskulen og mangeårig medlem og tekstforfattar i Hellbillies. Han har spelt her fleire gongar – hotellet har vore ein av fleire konsertarenaer i bygda. Arne understrekar kor viktig det er å ha ein stad å spele.

– Om arenaen er privat, kommersiell eller tilrettelagd av politikarar, det er ikkje så viktig. Men det å sitte heime og øve kjem ein ikkje så langt med. Og når éin gjer det bra, er det fleire som vil gjere det same – den smitteeffekten der, seier Arne, og trekk fram ungdomshusa som andre sentrale møtestadar.

– Å spele til dans på ungdomshuset har vore viktig for mange musikarar i Ål. Ungdomsklubben har nok òg vore ein arena, seier han.

Suksessfaktor to: Smitteeffekten

Skal ein drive musikalsk smittesporing i Ål endar minst eitt av spora hjå mannen som sit framfor meg no. I 1991 endra Kådnbandet namn til Hellbillies. Resten er norsk musikkhistorie.

– Det var mange som syntest det var veldig stas at vi brukte hallingdialekten, seier Arne, når han blir servert ein moglegheit for å drive sjølvskryt. Han strekk seg til dette:

– Det er klart at det var det veldig mange som syntest var flott.

SÆRS VIKTIGE FOR MUSIKKLIVET I ÅL: Dei har inspirert mange, ikkkje berre frå Ål – Hellbillies.

SÆRS VIKTIGE FOR MUSIKKLIVET I ÅL: Dei har inspirert mange, ikkkje berre frå Ål – Hellbillies.

Presse

Betydinga til Hellbillies kan vel knapt underdrivast. Det var ikkje berre dialekten, men også musikkstilen, som blei tonegivande for mange av dei som kom etter. Sørstatsrocken. Arven etter platesamlinga til Arne Sigurd Haugen – den eldste av Haugen-brørne. Ei samling han hadde med seg heim frå utvekslingsstudium i USA på 70-talet.

– Det er nok fleire som er fans av The Band og The Allman Brothers her enn mange andre plassar. Vi er blitt ei slags avdeling, seier Arne.

Suksessfaktor tre: Dei viktige tannhjula bak scenen

Men smitteeffekten Arne snakkar om har ikkje berre inspirert folk til å gå opp på scenen, han har òg inspirert til livet bak. Tettheten av lydteknikarar er stor i Ål. Særleg éin av dei har hatt ei sentral rolle. Han kjem rett nok frå nabotraktene Nes, men har vore ein fødselshjelpar for musikarar i heile Hallingdal.

Lydteknikar Tor Magne Hallibakken var mannen som presenterte Hellbillies for Øystein Sunde, noko som førte til at bandet fekk sin fyrste platekontrakt. I fjor blei Tor Magne 55 år, og under Hallinglarm – ei storstilt mønstring av artistar og band frå Hallingdal– var han heidersgjest. Alle spela gratis. Inntektene gjekk til å finansiere eit flygel til Tor Magne sitt studio. Det seier vel det meste om kor mykje mannen har betydd for musikklivet i distriktet.

DET STORE SPØRSMÅLET: Kvifor kryr det av toppartistar frå Hallingdal, spør Hallingdølen. Ein av grunnane er nok denne mannen: lydteknikar Tor Magne Hallibakken har vore særs viktig for musikkmiljøet i dalen.

DET STORE SPØRSMÅLET: Kvifor kryr det av toppartistar frå Hallingdal, spør Hallingdølen. Ein av grunnane er nok denne mannen: lydteknikar Tor Magne Hallibakken har vore særs viktig for musikkmiljøet i dalen.

Faksimile

Men Tor Magne er ikkje aleine om å skru lyd i Ål og områda rundt. Hallingdal Lyd er eit døme på eit tradisjonsrikt sceneteknisk selskap med base i Ål. Tor Magne driv og eig selskapet i lag med Øystein Etterlid og Sture Moslåtten. Og Øystein skrur ikkje berre lyd, han er òg ein av initiativtakarane bak festivalen Sundreball. Smitteeffekten, veit du.

Kva er det i jordsmonnet?

Det er ikkje berre eg som synest det er påfallande mange profesjonelle musikarar frå Ål. Journalist Øyvind Rønning skreiv «Hva er det med Ål i Hallingdal?» i Dagbladet i 2010, Tom Stalsberg fastslo i ein petit at «Rockens mekka er Ål» i same avis i 2016, og i 2019 undra lokalavisa Hallingdølen seg over det yrande musikklivet i reportasjen «Kvifor kryr det av toppartistar frå Hallingdal?».

– Vi er mange som har stilt oss det same spørsmålet, seier Heidi Molstad Andresen frå Ål, i dag journalist i Dagbladet Magasinet og busett i Oslo. 

Som eit PS til kollega Tom Stalsberg sin petit, oppretta ho i 2016 Facebook-sida Ål Inc – for å syne at lista over musikarar frå Ål faktisk er ein del lengre enn folk flest veit. Ål Inc er ei samleside for band og artistar med tilknyting til bygda. Og ja, lista er lang. Her er nokre døme: Stein Torleif Bjella, Hellbillies, Darling West, Tove Bøygard, Svarteper, Svart Lotus, Mamas Garden, Wardruna, Lene Storhaug...

EI AV MANGE SUKSESSHISTORIER: Det spellemannvinnande bandet Darling West, med Mari Kreken og Tor Egil Kreken.

EI AV MANGE SUKSESSHISTORIER: Det spellemannvinnande bandet Darling West, med Mari Kreken og Tor Egil Kreken.

Lars Petter Pettersen

Heidi har inga enkel forklaring på kvifor jordsmonnet på heimstaden har vore så godt for musikarar, men også ho trekk fram Arne Sigurd Haugen, Arne Moslåtten, Tor Magne Hallibakken, og inspirasjonen Hellbillies sin suksess truleg har vore for mange. 

OVER 100 000 SELDE: Toradertrioen flaug til topps på salslistene i 1975, og inspirerte ei bølgje av toraderspelemenn og toraderorkester landet rundt. Dei spelte i Oslo konserthus og i TV og radio ved fleire høve. I 1982 avslutta dei karrieren.

OVER 100 000 SELDE: Toradertrioen flaug til topps på salslistene i 1975, og inspirerte ei bølgje av toraderspelemenn og toraderorkester landet rundt. Dei spelte i Oslo konserthus og i TV og radio ved fleire høve. I 1982 avslutta dei karrieren.

Platecover

Suksessfaktor fire: Ein akkurat passe stor plass

– Og så er jo Ål ein av få stadar der det fortsatt fins ein musikkbutikk, seier Heidi på telefon frå Oslo.

Går ein ned Sundrevegen, hovudgata i Ål, kan ein ikkje unngå å sjå skiltet. Johs Brye Foto & Musikk. Eg går inn. Her er ryddig. Fotorekvisittar i eine enden og gitarar og nokre synthar i andre. På disken står albuma til dei lokale og nasjonale storleikane Stein Torleif Bjella, Tove Bøygard og Erlend Apneseth. Innehavaren kjem smilande mot meg og lurar på kva han kan hjelpe med. Eg må tilstå at eg ikkje er her for å handle. Ole Johs Brye blir ikkje mindre imøtekommande når han høyrer at eg jaktar løyndomen bak Ål sitt særs oppegåande musikkliv.

SENTRAL FOR MUSIKARAR: Musikkbutikken ligg midt i hjartet av sentrum.

SENTRAL FOR MUSIKARAR: Musikkbutikken ligg midt i hjartet av sentrum.

Marte Bjerke

– Lars Håvard Haugen i Hellbillies hadde sivilteneste her, seier han.

– Hellbillies spelte inn den første plata i studioet under butikken.

Ole Johs peikar mot dei bakre gemakka av lokala. Her fins både øvingsrom og studio. Han set til å nemne alle som har trådd ungdomsåra over terskelen, «up and coming» seier han på inn- og utpust, før han stikk til meg ein bok med namnet Hallingband i 100 år av Thor Warberg.

– Ja, du skulle jo ha snakka med sønnen min Eivin.

– Han var med i Bjella sin siste video, legg han til.

Eivin jobbar her han òg sjølvsagt. Han sit inne på eit kontor, eller skal vi seie kott, bak datamaskinen. Eivin er metallmusikar, i tillegg til at han underviser på kulturskulen. Han er på mange måtar eit godt døme på ein annan suksessfaktor ved musikklivet i Ål: Her er oversikteleg og passe stort. Menneska tangerer kvarandre, miljø tangerer kvarandre. Alle eg snakkar med trekk fram dette: Storleiken. Ål er akkurat passe.

MUSIKKBUTIKKEN: Under 5000 innbyggjarar, men Ål har ein musikkbutikk – Johs Brye Foto & Musikk. Her er innehavar Ole Johs Brye og sønnen Eivin. Sistnemde er metallmusikar og underviser i kulturskulen.

MUSIKKBUTIKKEN: Under 5000 innbyggjarar, men Ål har ein musikkbutikk – Johs Brye Foto & Musikk. Her er innehavar Ole Johs Brye og sønnen Eivin. Sistnemde er metallmusikar og underviser i kulturskulen.

Marte Bjerke

Musikkbutikken som ikkje gjekk konk

Arne Moslåtten kjenner sjølvsagt både Ole Johs og Eivin.

– Det er klart at ein musikkbutikk har noko å bety, for det er jo sånn at musikarar kjem inn i sånne butikkar og dei blir kamerat med han som driv denne butikken, og det fører til at han før eller seinare går konkurs, for han er ven med alle kundane sine. Ha ha ha!

Heldigvis har Ole Johs to bein å stå på, både foto og musikk.

– Det er ingen stor business å drive musikkbutikk, men for musikarar er dei viktige, seier Arne og fortel at da dei begynte å spele på 60-talet var det vanskeleg å få tak i utstyr.

– Eg hugsar at vi kjøpte ein eldgammal forsterkar frå Røde Kors. Da vi trong gitarar var det ingen som selde slikt, så vi måtte til Gol Verktøy og Sport og spørje om dei kunne bestille nokre.

Folkemusikken og -dansen har sterke røter i Ål

Det lir mot kveld, og eg skal følgje ein annan sti for å teikne kartet over musikkmetropolen Ål. Folkemusikken og -dansen har alltid stått sterkt i desse traktene, og ein av dei som kjenner historia er folkemusikar, tidlegare politikar og programleiar Hallgrim Berg. No svingar han inn framfor hotellet. Eg set meg i bilen, og vi køyrer oppover åsen.

– Der har du Solhov, seier han og peikar mot eit stort gammalt hus langs vegen.

– Der inne er det slite ned sju dansegolv!

Han fortel om stadane vi køyrer forbi og om namna som seier noko om kva stadane blei brukt til.

– Folk er opptatt av sånt her, historia, språket, folkemusikken, kulturen, arkitekturen – det er eit eige univers.

Folkemusikk og -dans har vore ein naturleg del av oppveksten til mange av dei som bur i dette området. Ungdomsrørsla og arbeiderrørsla har lange tradisjonar i distriktet, og i desse miljøa har det alltid vore mykje song og dans.

Hallgrim vaks sjølv opp i ein heim med dans, musikk og festing.

– Det var mange spelemenn innom, dei som reiste gjennom dalen. Det var ei slags løype mellom Vestlandet og Austlandet, fortel Hallgrim når vi sit ved kjøkkenbordet heime hjå familien Berg.

Kultur og helse – enkelt og greitt!

Også huset til Hallgrim syner ei sterk interesse for lokal kultur. Han bur i ein arkitektonisk klassikar – Ålhytta – resultatet av ein arkitektkonkurranse initiert av Ål kommune på 60-talet.

FOLKEMUSIKK OG -KULTUR: – Folk her er opptatt av historia, språket, folkemusikken, kulturen, arkitekturen – det er eit eige univers, seier Hallgrim Berg om menneska på Ål.

FOLKEMUSIKK OG -KULTUR: – Folk her er opptatt av historia, språket, folkemusikken, kulturen, arkitekturen – det er eit eige univers, seier Hallgrim Berg om menneska på Ål.

Marte Bjerke

Det er neppe tilfeldig at det var nettopp denne kommunen som utlyste ein slik konkurranse. Kultur har alltid vore eit satsingsområde i Ål, også på kommunalt nivå, ifølgje Hallgrim.

– Du veit alle disse kommuneslagorda, seier han.

– Kultur og helse! Der har du Ål. Enkelt og greitt.

Ja visst. Om du går inn på heimesidene til Ål, blir du møtt av dette: Ål – kulturkommunen. To institusjonar blir trekt fram i den kommunale delen av musikkhistoria: kulturskulen og kulturhuset. Kulturhuset opna i 1992.

– Da var kjerringa mi kultursjef, seier Hallgrim.

Kampen sto om idrettshall nede ved elva, eit fleirbrukshus for idrett og kultur, eller eit reint kulturhus.

– Så blei det begge deler, både idrettshall og kulturhus. Kommunen hadde lenge god økonomi på grunn av kraftinntekter, forklarar Hallgrim.

– Det gjekk gjennom kommunestyret med ganske stort fleirtal, fortset han:

– Kultur og helse!

Kulturhuset blei ingen klamp om foten, men heller bygda si store stoltheit, og no skulle alle opp og spele i spotlighten. Spelemennene også.

Da folkemusikken fekk plass i kyrkja

Da Hallgrim returnerte heim etter å ha vore utvandra til Oslo som student i nokre år, engasjerte han seg i å blåse liv i Ål spel- og dansarlag. Og så kom ideen om å starte ein folkemusikkfestival.

Ein busslast køyrde til Finland for å hente inspirasjon:

– Vi drog på studietur til ein festival i Kaustinen, som vi hadde høyrt mykje om. Vi var 40 mann, spelemenn, dansarar og ein del festglade folk som sat i baksetet og fyra på heile tida.

Folkemusikkdagane i Ål var eit direkte resultat av turen – Noregs fyrste folkemusikkfestival, om ein ikkje reknar med Landskappleiken. Året var 1976. Folkemusikkdagane pløgde ny mark for musikarar og dansarar som no fekk andre arenaer å vise seg fram på. Særleg viktige blei kyrkjekonsertane. Ideen hadde Ingjerd Berg Helleland – ei av drivkreftene bak Folkemusikkdagane. Ho var sjølv utdanna kantor.

– I 1979 arrangerte systera mi ein kyrkjekonsert med rein slåttemusikk og kveding, fortel Hallgrim.

Dette var noko heilt nytt i Noreg – at folkemusikken fekk ein så sentral plass i kyrkja. Tradisjonen med kyrkjekonsertar er ført vidare gjennom festivalen si historie, og har danna mal for liknande tiltak landet rundt. I dag har Folkemusikkdagane endra namn til Folkemusikkveka.

– I Ål har ein hatt ein kombinasjon av ein sterk tradisjon, ein institusjonell og politisk vilje og aktive familiar – drivkrefter, seier Hallgrim når han blir bede om å kome med ein analyse av Ål sitt musikalske DNA.

– Det har ikkje berre vore folk som er interessert, men også folk som har vore flinke til å organisere og villige til å arbeide for saka, peikar han på.

– Og så er det ei passe stor bygd, legg han til.

DANSEINSPIRATORAR: Ikkje berre folkemusikken, men òg -dansen har sterke røter i Ål. Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr har vore heilt sentrale i å byggje opp eit aktivt folkedansmiljø i distriktet. Her dansar dei under Margit Lien sin 100-årsdag på helselagsstugu på Gol. Margit er mor til Gunnlaug, og Gunnlaug er mor til Margit Myhr, som du kan lese om på side 17.

DANSEINSPIRATORAR: Ikkje berre folkemusikken, men òg -dansen har sterke røter i Ål. Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr har vore heilt sentrale i å byggje opp eit aktivt folkedansmiljø i distriktet. Her dansar dei under Margit Lien sin 100-årsdag på helselagsstugu på Gol. Margit er mor til Gunnlaug, og Gunnlaug er mor til Margit Myhr, som du kan lese om på side 17.

Cecile Skogheim/Hallingdølen

Kulturhus som veksthus og landsdelsscene for dans

Dagen etter er eg i sentrum av denne passe store bygda. Eg har vore innom Johs Brye Foto & Musikk, og bestemmer meg for å finne kulturhuset, som både Arne og Hallgrim har prata varmt om.

Sentrum av Ål ligg i ei skråning. På veg ned mot togstasjonen, på sprang ut i verda, finn eg ein nøktern teglsteinsbygning som ikkje gjer noko forsøk på å vere signalbygg. Ål kulturhus. Her kan ein gå inn med slaps på skoa.

EIN STAD Å SPELE: Ål kulturhus ble bygd på 90-talet og har vore ein viktig møteplass. Tidlegare i år opna ein splitter ny landsdelsscene for dans – Sprang. Kulturskulen er òg lokalisert i bygnaden.

EIN STAD Å SPELE: Ål kulturhus ble bygd på 90-talet og har vore ein viktig møteplass. Tidlegare i år opna ein splitter ny landsdelsscene for dans – Sprang. Kulturskulen er òg lokalisert i bygnaden.

Marte Bjerke

Eg virrar rundt, tek bilete av eit par spellemannsplakettar, bevegar meg formålslaust i foajeen på jakt etter noko eg ikkje veit kva er. Det tar ikkje lang tid før ein blid kar forbarmar seg over meg.

– Kanskje du vil ha ei omvising?

John Storhaug er teknisk ansvarleg på kulturhuset og har full oversikt, ikkje berre over huset, men over kulturlivet i det heile. Han er òg far til ein av dei mange musikarane Ål har fostra, Lene Storhaug.

EI AV MANGE SOM HAR GJORT MUSIKK TIL YRKE: Lene Storhaug.

EI AV MANGE SOM HAR GJORT MUSIKK TIL YRKE: Lene Storhaug.

Albumcover

– Ja, dette har vore eit veksthus for mange, seier John medan vi går ned i underetasjen.

Her har kulturskulen bandrom med studioakustikk og tilslutta mikserom. Og like borti gangen finn vi eit splitter nytt tilbygg – ein landsdelsscene for dans, som har fått namnet Sprang. Ambisjonen er ikkje mindre enn at scenen skal bli «ein spydspiss for norsk folkedans». Det luktar nytt. Scenen opna i januar.

John fortel om stort og smått, fritt etter hugsen. Om da Bjella spelte sin fyrste solokonsert i salen over oss, da ingen ante kva slags materiale han satt på. Og om konserten for lydteknikar Tor Magne Hallibakken, korleis alle musikarar frå distriktet stilte opp.

Evig eigast kun eit godt rykte

Vi kjem altså attende til det faktum at Ål er akkurat passe stor – til at miljø og menneske kan møtast.

I chesterfieldsofaen på eit av Ål sine kulturelle sentrum – hotellet – lar vi Arne Moslåtten få siste ord. Løyndomen bak eit rikt musikkmiljø gjennom fleire generasjonar har med mange ting å gjere, det handlar blant anna om eit godt rykte:

– I og med at det alltid har vore mykje musikk her på Ål, gjer også det at musikkinteresserte folk søkjer seg hit. Skal du bli lensmann og sit med ein el-gitar og har spelt i mange år, så kunne det jo ha vore kult å bu på den plassen der det er fleire som spelar el-gitar, seier Arne.

– Og så er det sånn at han som er lensmann på Ål, han spelar el-gitar. Og du kan spørje han kvifor han søkte seg hit.

– Fordi her er nokon han kan spele med?

– Ja, det har ein vekselverknad på alt mogleg. Når det fyrst dreg seg til, er det så mange ting som kan gjere at det fortset å vere sånn, seier Arne.

Eg forlet sentrum og går ned skråninga mot Ål stasjon. Tyst og stum om si rolle i denne historia. Eit passande punktum: Sjølve inngangen og utgangen til bygda er musikk. Ål stasjon – gjort udødeleg gjennom Hellbillies sin song, brukt som scene for handlinga i teateroppsettinga Kan nokon gripe inn, bygd på Stein Torleif Bjella sin musikk. Eit musikalsk knutepunkt. I ordas aller rettaste forstand.

(Teksten fortset under biletet.)

Marte Bjerke

Fire om Ål: Kva har det lokale kulturlivet betydd?

Signe Fuglesteg Luksengard

Margit Myhr, folkedansar og -musikar, skodespelar

– Det er miljøet som er viktig. Foreldra mine bygde opp eit sterkt ungdomsmiljø for folkemusikk og -dans. Eg har hatt mange vener som har hatt same interesse, det sosiale har betydd mykje.

Det har også i alle år vore eit aktivt teaterlag på Ål, Leveld Teaterlag. Da eg var ungdom, var det masse å vere med på. Teaterlaget har vore ein av grunnane til at eg jobbar mykje med teater i dag. 

Ål har òg mange festivalar, ein levande kulturskule og eit flott kulturhus. Det å kjenne at ein er heime i eit slikt hus, å få vere med på produksjonar frå ein er barn, har vore viktig. No har det kome ein landsdelsscene for dans, som eg allereie har fått brukt til å produsere ei oppsetjing. Scenen bidreg til at eg kan bu heime når eg jobbar, og ikkje alltid må reise ut. Eg trur det er positivt for heile bygda med ein slik scene. I tillegg til mellom anna å hente profesjonell dans hit, skapar den lokale arbeidsplassar. Kommunen er i seg sjølv veldig positiv til kultur, og det gjer det lettare å flytte heim igjen. Og så er Ål gunstig plassert, midt mellom Oslo og Bergen.

Christian Nystrøm

Tove Bøygard, musikar og komponist

– Det har betydd alt. Eg begynte på musikkskulen da eg var åtte år, på gitarkurs hjå Arne Moslåtten. Det at ein så tidlig satsa på musikkskule og alltid har prioritert det, har nok vore avgjørende for mange. Ein bygde òg tidleg eit flott kulturhus, som har husa gode øvingslokale, mange gode prosjekt og utøvarar frå heile verda. Og så er det ingen tvil om at dei som har gått føre har inspirert, og da spesielt Hellbillies. Ål har dessutan eit rikt folkemusikkmiljø som går langt tilbake i tid, og folkemusikkfestivalen som har vore her i årevis. Eit inspirerande miljø, uavhengig av sjanger. Å vite at her er eit rikt musikkliv, at det skjer mykje og at mange musikarar bur her, var absolutt med på å fylle vekta på vektskåla da eg tok avgjerda om å flytte heim.

Privat

Øystein Etterlid, teknikar, medeigar i Hallingdal Lyd, gründer av Sundreball

– Eg veit ikkje kva det starta med, men interessa kom frå noko som eksisterte på Ål – banda, folkemusikken, kulturhuset kanskje, det var eit fagmiljø som ikkje fanst andre plassar i dalen. Ein må ha noko å gro i, og på Ål hadde eg det. Hadde eg vakse opp ein annan plass i Hallingdal, er det nok ikkje sikkert at eg hadde valt same livsveg.

Festivalen Sundreball til dømes, eg trur den hadde hatt vanskeleg for å overleve i ei anna bygd enn Ål. Den er mindre kommers enn dei tradisjonelle, kommersielle bygdearrangementa. Eg trur den gjennomsnittlege ålingen har fått moglegheit til å bli godt kultivert.

Det er òg veldig mange teknikarar med utspring frå Ål, samanlikna med andre plassar. Det blir eit moment av det, tre blir til fem, åtte blir til 16, og så vidare. Og så er det eit tett lokalsamfunn, der alle kjenner alle, og der det er bruer på tvers av miljøa i bygda.

Lars K. Lande

Stein Torleif Bjella, musikar og komponist

– Miljøet var og er avgjerande for at eg blei og er musikar. Det var mange som dreiv med musikk og mange som var interessert. Ikkje minst var det mange utøvarar – musikantkollegaer. Og da tenkjer eg ikkje berre på dei som er profesjonelle, som det også har vore fleire av. Naboen min, i byggefeltet der eg vaks opp, hadde ein spelemannpris på hylla, han var lensmann. Banksjefen i bygda hadde ein spelemann på hylla. Og da eg arbeidde i Hallingdølen, spelte nesten alle kollegaene. Frå journalistar til teknisk avdeling og administrerande direktør. Éin ting er interessert publikum, men eg trur det var nesten like viktig at det var så mange utøvarar i ulike sjangrar, frå folkemusikk til pop og gammaldans. Musikk var viktig for mange. At det var mogleg å ha det som yrke, såg eg rundt meg i Ål.

Ål

Kommune i Hallingdal, Viken.

Ca. 4800 innbyggjarar.

Den største kommunen i Hallingdal.

Om lag 80% av kommunen ligg høgare enn 900 m.o.h.
Kilde: Ål kommune

{"493672":{"type":"s","url":"/image-3.493672.87071.20201102145241.456491ecf7","cap":"","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494640":{"type":"m","url":"/image-3.494640.87071.20201102145241.6ecee4ebdc","cap":"EIN AV DEI MUSIKALSKE STAMFEDRENE I ÅL: Arne Moslåtten er tidlegare rektor på kulturskulen og mangeårig medlem og tekstforfattar i Hellbillies.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494641":{"type":"m","url":"/image-3.494641.87071.20201102145241.f145e1ee73","cap":"FOLKEMUSIKK OG -KULTUR: – Folk her er opptatt av historia, språket, folkemusikken, kulturen, arkitekturen – det er eit eige univers, seier Hallgrim Berg om menneska på Ål. ","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494647":{"type":"m","url":"/image-3.494647.87071.20201102145241.634c5f7dd7","cap":"EIN STAD Å SPELE: Ål kulturhus ble bygd på 90-talet og har vore ein viktig møteplass. Tidlegare i år opna ein splitter ny landsdelsscene for dans – Sprang. Kulturskulen er òg lokalisert i bygnaden.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494648":{"type":"m","url":"/image-3.494648.87071.20201102145241.1.591575f5db","cap":"SENTRSAL FOR MUSIKARAR: Musikkbutikken ligg midt i hjartet av sentrum.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494649":{"type":"m","url":"/image-3.494649.87071.20201102145241.e122964c52","cap":"MUSIKKBUTIKKEN: Under 5000 innbyggjarar, men Ål har ein musikkbutikk – Johs Brye Foto & Musikk. Her er innehavar Ole Johs Brye og sønnen Eivin. Sistnemde er metallmusikar og underviser i kulturskulen.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494651":{"type":"l","url":"/image-3.494651.87071.20201102145241.dd83ac6610","cap":"","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494653":{"type":"l","url":"/image-3.494653.87071.20201102145241.9862c97881","cap":"SÆRS VIKTIGE FOR MUSIKKLIVET I ÅL: Dei har inspirert mange, ikkkje berre frå Ål – Hellbillies.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494654":{"type":"s","url":"/image-3.494654.87071.20201102145241.1.c20146b1c2","cap":"","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494657":{"type":"s","url":"/image-3.494657.87071.20201102145241.36698e1726","cap":"EI AV MANGE SOM HAR GJORT MUSIKK TIL YRKE: Lene Storhaug.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494658":{"type":"s","url":"/image-3.494658.87071.20201102145241.64bdc09df1","cap":"","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494659":{"type":"s","url":"/image-3.494659.87071.20201102145241.d65fbb5976","cap":"OVER 100 000 SELDE: Toradertrioen flaug til topps på salslistene i 1975, og inspirerte ei bølgje av toraderspelemenn og toraderorkester landet rundt. Dei spelte i Oslo konserthus og i TV og radio ved fleire høve. I 1982 avslutta dei karrieren.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494660":{"type":"s","url":"/image-3.494660.87071.20201102145241.f5bc7a9673","cap":"","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494663":{"type":"m","url":"/image-3.494663.87071.20201102145241.387329b1c7","cap":"EI AV MANGE SUKSESSHISTORIER: Det spellemannvinnande bandet Darling West, med Mari Kreken og Tor Egil Kreken.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494665":{"type":"l","url":"/image-3.494665.87071.20201102145241.64408946fc","cap":"DANSEINSPIRATORAR: Ikkje berre folkemusikken, men òg -dansen har sterke røter i Ål. Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr har vore heilt sentrale i å byggje opp eit aktivt folkedansmiljø i distriktet. Her dansar dei under Margit Lien sin 100-årsdag på helselagsstugu på Gol. Margit er mor til Gunnlaug, og Gunnlaug er mor til Margit Myhr, som du kan lese om på side 17.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"494666":{"type":"m","url":"/image-3.494666.87071.20201102145241.455ed5f169","cap":"DET STORE SPØRSMÅLET: Kvifor kryr det av toppartistar frå Hallingdal, spør Hallingdølen. Ein av grunnane er nok denne mannen: lydteknikar Tor Magne Hallibakken har vore særs viktig for musikkmiljøet i dalen.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"496244":{"type":"s","url":"/image-3.496244.87071.20201102163036.9d9bc11ca9","cap":"DET STORE SPØRSMÅLET: Kvifor kryr det av toppartistar frå Hallingdal, spør Hallingdølen. Ein av grunnane er nok denne mannen: lydteknikar Tor Magne Hallibakken har vore særs viktig for musikkmiljøet i dalen.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"tittel":{"color":"#000000","fontsize":"110","bgc":"#ffffff","bgo":0.64,"bgh":"100%","pos":"1"},"extrafiles":{"js":"","css":""},"fb":[{"type":"f1","title":"Ål","closed":false,"place":"Suksessfaktor to: Smitteeffekten"},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"si":[{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""}],"us":[{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"lpage":{"exist":false,"color":"#000000"},"cpage":{"iscpage":false,"mpage":""}}