Privat

DKS utan lønnsavtale: Kunstnaren er sett på sidelinja

INNLEGG: Gjennom løfter om at omorganisering skulle gjera ordninga betre, har innhaldsleverandøren for sjølve kunsten blitt satt på sidelinja. Det er det verste med det heile, skriv Hans Martin Austestad.
20.02.2020
09:12
20.02.2020 09:12

Nyleg konkluderte KS overfor Creo med at oppropet for lønnsforhandlinger i DKS, som på kort tid samla underskrifter frå over 1350 av Norges dyktige og kunnskapsrike utøvarstand, ikkje var nødvendig.

• Les også: Musiker til aksjon for lønnsforhandlinger i DKS

KS er uskikka til ansvaret

KS syner med sin unisone konklusjon, avgjort bak lukka dører på styremøte, at dei er uskikka til ansvaret som dei motvillig er tildelt, etter at Kulturtanken fekk revidert mandat om å vera forhandlingspart om lønn i Den kulturelle skulesekken (DKS). Eg sat sjølv i forhandlingsmøter med KS for den avtala som vart gjort for oppdragstakarar, og erfarte med undring korleis spørsmål om kvalitet ikkje hadde plass i diskusjonen. Det var meininga den gangen at ein skulle forhandle fram begge typar avtale, oppdrag og lønn, slik ordninga var handsama før. I staden har eg site på balkongplass og vore vitne til at systemet artar seg som eit uhell der ingen er villige til å ta på seg ansvaret for kvalitet – men alle tek seg rett til å snakke om kvaliteten. Nok snakk, seier eg.

• Les også: Creo krever forhandlinger om lønn i DKS

Hovudtariffavtalen fungerer ikkje for DKS-utøvarar

KS hevdar at spørsmål om lønn og organisasjonsform som oppropet omhandlar, er dekka i hovudtariffavtalen mellom LO og KS. Eg kan, med erfaring frå omlag 1500 konsertar i skulekonsertsystemet mellom 2009 og 2018, slå fast at KS sin påstand ikkje er riktig. Det er fleire viktige moment ved hovudtariffavtala som ikkje fungerer for DKS-arbeidarar, samanlikna med slik avtalene tidlegare var. Det er difor 1350 utøvarar skreiv under på oppropet, som eg eigenhendig leverte til KS i fjor haust.

Det har ikkje vore stilt rundt DKS-ordninga dei siste åra. Utøvarar er i harnisk. Engasjementet har ikkje oppstått ut av ingenting. Det har oppstått gjennom at utøvarar kjenner seg avvist av systemomleggjinga. Gjennom løfter om at omorganisering skulle gjera ordninga betre, har innhaldsleverandøren for sjølve kunsten blitt satt på sidelinja. Det er verste med det heile.

• Les også: Nekter å jobbe for Skolesekken uten avtale for lønnsmottakere

Kulturdepartementet har tabba seg ut

Det er tydeleg kven som har tabba seg ut. Alle piler peiker på ein aktør som høyrest ut av sin øyredøyvande stille. Kulturdepartementet. Dei har ansvaret, og har «løfta» systemet over frå ein gullalder, til ein kong Midas-liknande tilstand, der alt skal løysast med pengar. Kulturdepartementet skal vite at alle partar kjenner nærværet av fråværet deira. Utøvarar vil i tillegg kjenne mistaket på kroppen, då ein har mista ei basal sosialdemokratisk og rettferdig sjukelønnsordning. Utøvarar som får barn får også problem, trass i at det er politisk ønske om at nordmenn får fleire barn. Departementet kan vanskeleg smykke seg med den flotte sosialdemokratiske DKS-ordninga utan at det sett sinna i kok for dei som er ute på jobb. Aukande alvor ligg det dessutan i at pensjonsordninga for utøvarar i DKS forsvinn – i ei tid der det blir varsla at nordmenn i framtida må arbeide lenger for å oppnå full opptent pensjon.

• Les også: Innlegget «Ein er berre ikkje sjuk»

Det handlar ikkje berre om pengar

KS tek ikkje del i diskusjonen om korleis organisasjonsform råkar kvalitet. Det gjer heller ikkje Kulturtanken. Er det pengar som driv kunstnarar til å rigge opp til danseforestilling frå klokka fem om morgonen på ein forblåst skule i havgapet? Dette spørsmålet har vorte adressert, men utsatt eller avfeia, i mange år. Siste utvikling er at KS no påstår at det ikkje finst noko problem. Alt er i orden. Denne konklusjonen strippar KS for integritet, diverre. Det handlar ikkje om pengar.

Kva skal motivere ein DKS-arbeidar til å leggje livet sitt i eit system, altså DKS, som er styrt av eit organ utan reell myndigheit eller spisskompetanse, altså KS?

• Les også: – Tariff og sykelønn er bytta ut med bransjestandard og inspirasjon

• Les også: Portrett med Hans Martin Austestad

Kulturtanken sit ikkje eingong i båten når det gjeld kvalitet

Nyleg avtroppa direktør i Kulturtanken, Lin Marie Holvik, heldt fram i eit tidlegare innlegg i Periskop at: «Vi sitter på ingen måte stille i båten», då eg skulda Kulturtanken for å ignorere sitt kvalitetssikrande mandat. Holvik skreiv også at lønn ikkje er alt, noko som overraska, då eg trudde at dette var mitt poeng og ikkje hennar. At dei ikkje sit stille i båten har ho rett i, då ho og resten av Kulturtanken ikkje ein gong sit i kvalitetsbåten, men seglar sin eigen virtuelle sjø. DKS er mindre attraktiv som arbeidsplass for utøvarar i dag enn før omlegginga. Dette meiner eg no er påviseleg: Holvik sa sjølv opp sin nasjonale prestisjejobb for å arbeide i skuleverket. Eg har forståing for dette. Eg ynskjer ho velkommen etter, då eg sjølv har gjort same manøver, og me no er kollegaer i fylkesskuleverket i Vestfold og Telemark.

Det er mange utøvarar som har moglegheit til å ta anna fast arbeid, og det er gjerne desse som uttaler seg høgast om DKS, fordi dei ikkje har så mykje å tape. Men eg ser at det må vera mørketal av utøvarar som ikkje tør å snakke så høgt. Problema i DKS-systemet vil naturleg ramme dei hardast som ikkje har noko anna val enn å ta dei oppdraga dei kan få. Eg er veldig lei meg og opprørt på deira vegne.

• Les også: Historisk stor kartlegging av kvalitetsarbeidet i Skolesekken

Kva er framtida for DKS?

Eg avsluttar med å stille eit «høna og egget»-liknande spørsmål: Kva er framtida for DKS, når det skal styrast av bransjestandarden til ei bransje som berre finst fordi staten starta den med Rikskonsertene for 50 år sidan?

Abid Raja er vår nye kulturminister, og ser ut til å vera ein god retorikar. Vonar han kan knekke denne nøtta i sitt åremål som statsråd – det er 18 månader til neste stortingsval. Ved 2021 har DKS-arbeidarane gått fire år utan lønnsavtale.

Hans Martin Austestad, musikar

20.02.2020
09:12
20.02.2020 09:12

Mest lest