Fosse-fans: F.v.: Benedicte Maurseth, Hildegun Riise og Stein Urheim.

Fosse-fans: F.v.: Benedicte Maurseth, Hildegun Riise og Stein Urheim.

Frida Fliflet

Benedicte Maurseth, Hildegun Riise og Stein Urheim går aldri lei av å sette musikk til poesi. Jon Fosse er ein av favorittane.

Benedicte Maurseth, Hildegun Riise og Stein Urheim har jobba mykje i grenselandet mellom musikk og poesi. Men dei musikalske vegvala blir aldri enklare.
2020010814294120200112132553

frida@musikkultur.no

– Eg synest faktisk det er lettare å setta musikk til Jon Fosse enn mange andre diktarar, seier hardingfelespelar og komponist Benedicte Maurseth.

– Fosse er meir åpen og inviterande. Vert dikta for konkrete blir det mindre forlokkande, iallfall slik eg lagar musikk.

Folkemusikaren sit i Kaffistova saman med komponist og strenginstrumentalist Stein Urheim og skodespelar Hildegun Riise. Det er eit par timar til dei tre står saman på Det norske teatret, eit steinkast unna, for å framføra poesikonserten Blått svev. Hildegun les dikt av Jon Fosse, mens Stein og Benedicte har komponert og framfører musikken.

• Les også temasak om å skrive musikk til lyrikk.

Blei mata med dikt

Alle tre har jobba mykje i grenselandet mellom musikk og poesi. Olav H. Hauge, Ruth Lillegraven og Edvard Hoem har vore på arbeidsbenken, men kanskje fyrst og fremst Jon Fosse. Hildegun og Benedicte – begge hardingar – har eit nært forhold til Fosse sine verk. For sistnemnde blei poesiinteressa tidlig vekka, takka vera spelelærar Knut Hamre.

– Eg huskar at eg ofte fekk japanske haikudikt på små lappar etter speletimen. I jolegåver ga Knut meg diktantologien Plukke stjerner med hendene og Auge i vind. Han var like opptatt av litteratur og filosofi som av spelinga, og mata meg med dikt for åndeleg påfyll.

Jon Fosse

Jon Fosse

Tom A. Kolstad/Samlaget

Ikkje redd for mørkret

Det er ikkje berre openheita i form og rytme som var forlokkande i Fosse sin poesi.

– Han skriv om store tema som famnar vidt. Det inviterer til heilt forskjellige måtar å musisera på, seier Benedicte.

Hildegun las gjennom heile Fosse sin poesikatalog, gjenoppdaga og silte ut, før ho gjorde utvalet av 26 dikt. Ho ramsar opp: einsemd, død, lengsel, havet, kjærleiken. Store kontrastar. Fosse er ikkje redd for mørkret, påpeikar ho.

– Men me var opptatte av at musikken ikkje måtte bli for dyster. Det er viktig å få fram dei lysare sidene òg, seier Stein.

Platecover

– Eit samspel som kan kosta hardt

Blått svev byrja som plate. Hildegunn las fyrst inn dikta i studio, og Benedicte og Stein sette så musikken. Noko er nykomponert i år, anna er eldre materiale som låg og venta på å bli brukt. Til sceneversjonen er musikken sett saman på nytt til dei same dikta. Det aller vanskelegaste har vore å velja ut og velja vekk. Å koma fram til noko saman, som alle tre kan stå for.

– Det er for mange val, ler Stein.

– Me er jo ulike, og høyrer ting på forskjellige måtar.

– Det er eit samspel som kan kosta hardt. Men slik er det jo i alle kunstneriske prosessar, seier Hildegun.

Fungerer godt med open musikk

På scenen er det i alle fall klart at trioen er einige om eitt hovudtrekk: musikken er open, flytande, legg ikkje stramme føringar. Her er få utprega, klare melodiar. Heller skiftande, subtile klangar og stemningar.

– Dikt kan fungera veldig bra med open musikk, meiner Stein.

Han tenker på stemninga i eit dikt som eit lydlandskap. Om musikken er for kompleks og gjennomkomponert, kan den ofte fasa ut poesien – og omvendt.

– Dei to bør jo heller komplettera kvarandre. Det trengs ikkje alltid ein konkret, melodisk struktur.

Noko meir enn ein låt

Å setta musikk til poesi er eit hårfint arbeid. Små, små endringar kan gjera at stemninga i diktet blir heilt forandra. Det krev valdsam innlytting, aller mest i konsertamanheng. Improvisasjon er eit nøkkelord. Både opplesar og musikar skal ta plass – men ikkje for mykje.

– Ein må kjenna seg fram, heile tida. Om Hildegun tar ein litt lengre pause etter eit ord – skal me fylla noko inn, eller la stilla tale? Og omvendt: om Stein eller eg spelar annleis, må Hildegun også framføra diktet annleis, spør Benedicte.

– Det er ein måte å skapa på som er veldig gjevande.

– Kva er det som tiltalar dykk med å jobba med denne kombinasjonen, igjen og igjen?

– For meg heng musikk og poesi tett saman. I beste fall påverkar dei ulike uttrykka kvarandre til det betre, seier Benedicte.

– Musikk kan bli brukt litt på ein annan måte, bli noko meir enn ein låt, fortel Hildegun:

– Mens diktet kan få eit anna temperament, eller ei anna ro. Musikken kan løfta fram noko som diktet aleine ikkje får fram. Det er jo ein vev av musikk og ord, dette.

Jon Fosse (1959-)

Prisbelønt forfattar og dramatikar.

Statsstipendiat, bor i Statens æresbolig Grotten.

Omfattande produksjon av lyrikk, dramatikk og romaner.

{"454279":{"type":"s","url":"/image-3.454279.9d8a7e612c","cap":"","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"454281":{"type":"m","url":"/image-3.454281.667ff464e7","cap":"Jon Fosse","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"tittel":{"color":"#ffffff","fontsize":"68","bgc":"#ffffff","bgo":"1","bgh":"100%","pos":"1"},"extrafiles":{"js":"","css":""},"fb":[{"type":"f4","title":"Jon Fosse (1959-)","closed":false,"place":"Ikkje redd for mørkret"},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"si":[{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""}],"us":[{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"lpage":{"exist":false,"color":"#000000"},"cpage":{"iscpage":false,"mpage":""}}