Pressefoto

Per Idar Almås ny direktør for Førdefestivalen

02.05.2018
15:10
02.05.2018 15:09

Per Idar Almås er tilsett som ny direktør og kunstnarleg leiar ved Førdefestivalen frå oktober 2018, skriv festivalen i ei pressemelding.

Almås er 37 år og oppvaksen på Stord i Sunnhordland. Han kjem frå ei delt stilling, der han har vore festivalsjef for kammermusikkfestivalen Gloppen Musikkfest på Sandane, og prosjektansvarleg i Festspillene i Bergen. I Bergen har han jobba med programmet for born og unge, samt konsertturneen Nordvegen.

Almås har vore i staben bak The Tall Ships Races 2014 Bergen. Han har lenge vore engasjert i Bergens kulturliv, særleg gjennom arbeid med konsertar og festivalar, og har også arbeidserfaring frå Arna og Åsane kulturkontor i Bergen kommune og i TV2.

– I den nye direktøren, Per Idar Almås, får vi en kar som er positiv, hardtarbeidande og løysingsorientert, med teft for god programmering. Han har lun humor og får også dei beste skussmål når det gjeld samarbeidsevner, og han brenn for formidling av musikk og kultur både til vaksne og born, seier styreleiar Tone Winje i pressemeldinga.

02.05.2018
15:10
02.05.2018 15:09