Oddleiv Apneseth

Kongens fortenestmedalje til Hilde Bjørkum

Hilde Bjørkum har fått Kongens fortenestmedalje. Bjørkum er tidlegare leiar av Førdefestivalen.
21.05.2020
10:48
21.05.2020 10:48

redaksjon@musikkultur.no

Tildelinga er ei påskjøning for arbeidet Hilde Bjørkum har gjort, og det engasjementet ho har synt, for kulturen generelt og folkemusikken spesielt, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, meldar Førdefestivalen i ei pressemelding.

Utmerkinga får ho fyrst og fremst for innsatsen som kunstnarleg og administrativ leiar av Førdefestivalen i mange år. Bjørkum har vore ei drivkraft bak etablering og utvikling av denne festivalen, som under hennar leiing har vakse til å bli den største i sitt slag i Skandinavia. European Festival Association heidra i 2019 Førdefestivalen med EEFE-award, som ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.

Bjørkum har skapt nye møteplassar for utøvande folkemusikarar frå inn- og utland. Ikkje minst har ho lagt til rette for formidling av musikken til nye publikumsgrupper og medverka til større respekt og auka interesse for denne delen av kulturen, både i media og samfunnet, heiter det i pressemeldinga.

Hilde Bjørkum har dessutan lagt ned ein stor innsats på fritida, som aktiv utøvar av folkemusikk og dans, som instruktør og med tillitsverv i mange ulike organisasjonar. Som utøvar har ho særleg markert seg i dans, der ho saman med dansepartnaren sin har gått heilt til topps på Landskappleiken tre gonger, og vunne ein kongepokal.

Den formelle utdelinga av medaljen til Hilde Bjørkum er sett på vent inn til vidare, på grunn av den spesielle korona-situasjonen i samfunnet.

21.05.2020
10:48
21.05.2020 10:48

Mest lest