Vil ha kollegar: Fleire burde  spele horn, meiner Karl Seglem.

Vil ha kollegar: Fleire burde spele horn, meiner Karl Seglem.

Sigvor Mala

Gir liv – får horn

To geitebukkar får leve lenge nok til å vekse horn som er store nok til å bli instrument, takka vere Karl Seglem. Han feirar 30 år som musikar med cd-boks og pengeinnsamling – til geitehald.
14.10.2015
10:02
14.10.2015 10:03

mona@musikkultur.no

Karl Seglem feirar 30 år som musikar med å samle pengar til å halde dei to bukkane i live.

– Det er blitt mykje snakk om horn og geiter i det siste. Men det er musikk eg held på med, altså, flirer han. Men innsamlingsprosjektet er ikkje berre ein gag. I 30 år har Seglem levd av å vere musikar, dei siste 20 på både tenorsax og bukkehorn. Horna er ein minkande vare – små geitekillingar som er så uheldige å vere hankjønn får sjeldan leve opp. Seglem har difor sett i gang ein aksjon med folkefinansiering – crowdfunding – for at dei to bukkane Jazz og Buster i Sogndal skal få leve lenge nok til å vekse skikkelege horn, som kan bli til instrument. Prosjektet markerer 30-årsjubileet som artist og utgjevinga av cd-boksen «Jazzbukkboks». Og er eit bidrag til å rekruttere bukkehornspelarar.

Horn og opplæring

I dag, 14.oktober, er det fire dagar att av innsamlinga, og på Pledgemusic.com går det fram at prosjektet har fått inn nesten 150 prosent av det som var målet. Bukkane er dermed sikra å leve i fem år, som er det som trengst. Og ikkje berre det: Resten av pengane skal brukast til å sikre framtida for bukkehornspel:

– Det trengst opplæring både i å spele på horn og i å tilvirke dei. Så dei midlane som blir til overs går til opplæring. Til dømes kan Lur- og bukkehornlaget arrangere kurs i spel. Men det kan vere like riktig og viktig å bidra til at nokon går i lære for å tilvirke bukkehorn, seier Seglem.

Rekrutteringa til hornspelarfaget er ikkje stor. Ei handfull personar spelar horn på høgt nivå, men baklandet er tynt befolka. Seglem ønskjer seg at bukkehorn blir brukt meir – frå kulturskulane og oppover.

– Og det bør vere interessant for mange ulike blåsarar! Eg synest mange burde prøve hornet – instrumenta er så forskjellige, og ingen vil låte som eg gjer. Særleg synest eg fleire skal prøve tungehornet, seier Seglem.

Einaste norske instrument

Tungehornet har flis, motsett av trompethornet, og er antakeleg det einaste instrumentet som er heilnorsk. Gamle horn blir framleis brukt, men no trengst det påfyll av nye. Og slik gjekk det til at Seglem avtalte med bonden Jostein Kvåle i Sogndal at dei to bukkane skulle få leve. Og då måtte han jo på besøk til dei.

– Hadde du noko forhold til geiter før?

– Nei – eg har tenkt at geiter er litt skumle, men dei var skikkeleg kule - leika og stanga! Eg spelte for dei, og dei var veldig nysgjerrige, særleg på trompethornet!

14.10.2015
10:02
14.10.2015 10:03