KARL SEGLEM: musikar, komponist, plateprodusent og poet.

KARL SEGLEM: musikar, komponist, plateprodusent og poet.

Andreas Ulvo

Det abstrakte alvoret

Han fann saksofonen i skulekorpset og bukkehornet i protest mot EU. For Karl Seglem er det det uforståelege i musikken som gjev meining.
03.10.2014
11:26
27.08.2015 20:02

mona@musikkultur.no

Kva handlar musikken om, då?

For første gong under intervjuet blir Karl Seglem heilt stille. I nesten ein time har han snakka, gestikulert og ledd den karakteristiske latteren. No må han tenkje. «Det er ikkje det musikken handlar om for meg», har han sagt. Men kva handlar han om?

Høyr Karl Seglems favorittar

Ting tar tid

Karl Seglem (53) kan feire 30-års jubileum som profesjonell musikar neste år. Nettopp kom sekstande soloplata Som spor, som han turnerer med i desse dagar. Sidan 1985 har han levd av saksofonen – og etter kvart bukkehorn, plateselskap og poesi. Nesten like lenge har han jobba motvinds. Blandinga av frijazz og folkemusikk var kontroversiell då han starta med dei første forsøka, og det var vanskeleg å finne fotfeste – økonomisk og kunstnerisk. No har han funne sin eigen måte, sin lyd, sitt eige musikalske språk og sitt eige publikum.

– No veit eg at det eg held på med er heilt unikt. Ingen andre har jobba fram det eg har jobba fram. Eg stolar på det sjølv og drit litt i kva andre meiner, seier han.

Det har ikkje kome over natta.

– Det tar alltid lengre tid enn ein trur, og lengre enn ein vil. Ein må gå den vegen som må til for å utvikle noko eige.

Alle åra måtte til for å finne Karl Seglem-musikken. Tida jobbar for den som har noko på hjartet, meiner Seglem.

– Eg misunner ikkje unge folk i dag, som brukar vanvittig tid og krefter på å ta ei utdanning, og så er det ikkje jobbar å få. Og desse som blir dynga ned med stipend og prisar når dei er heilt nye og unge – kva skal dei gjere om seks år, liksom? Kva slags draiv skal dei ha då? Eg opplever det som ein styrke at eg har brukt den tida eg har brukt. Eg føler meg veldig heldig som har kunna halde på med dette. Men eg har meg sjølv å takke, for eg har jobba noko vanvittig, seier Seglem, tar seg raskt i det og vil ikkje høyrest ut som han sutrar.

– Det gjer eg ikkje altså – det er ei glede og så lenge eg kan halde på så vil eg halde på!

Har du grao?

Vi har avtalt møte på Førde folkemusikkfestival, og har sett oss i ein «stille krok». Særleg stille og avskjerma blir det ikkje. Her er Seglem heime – her kjenner han brorparten av alle som går forbi. Han småpratar, helsar, han sleng med leppa og vinkar ivrig, gjerne med begge hender, og har ein meir og mindre intern kommentar til dei fleste. «Har du grao då?» spør han hardingfelespelar Håkon Høgemo. Det handlar om fargen på festivalarmbandet – dei har grå band som musikarar – og Seglem legg med vilje på litt ekstra sognadiftong, ettersom Høgemo held beinhardt på dialekten. Dei har jobba saman i mange år, først og fremst i bandet Utla. Her på festivalen er dei del av «Draumelaget Sogn og Fjordane», som folkemusikkfestivalen har sett saman i høve 25-års jubileet. Ikkje den mest opplagte plassen å finne ein jazzsaksofonist.

– Eg blei veldig glad då eg blei spurt om å vere med. Eg har ein fot i jazzen og ein i folkemusikken. Eg føler at folkemusikken har tatt mykje opnare imot meg enn jazzmiljøet har. Men det er mange gode folkemusikarar i Sogn og Fjordane, og ei ære å bli plukka ut, seier Seglem og ser ut til å meine det.

Kraft og draiv

Han planla ikkje å vere ein musikalsk opprørar. Men tidleg var det slik at noko trakk som ikkje var dei amerikanske jazzlåtane.

– Eg ville heller gå tilbake til eigne røter. I arbeidet med første Sogn-a-song-plata begynte eg å leite i folkemusikkarkiva, og dei låtane tente meg noko voldsomt. Det var noko heilt anna enn å spele Stella by starlight! Etter kvart kombinerte eg det òg med frijazzen.

Eksperimenta og utviklinga mot det som er dagens Karl Seglem-lyd begynte på 80-talet, i Bergen. Då fann han øvingslokale mellom rotter og lagervarer på den legendariske studentplassen Hulen. I næraste øvingsrom var frijazzperkusjonist Terje Isungset. Dei begynte å spele saman, først utan eigentleg mål og meining.

– Vi fann ut at vi kunne no øve saman, berre for å øve, vi hadde ikkje nokon tanke om å vise det for publikum. Men så tok det oss.

Dermed var duoen Isglem født, med mange element som ikkje var vanlege. Heimebygde instrument, norske tonegangar – og jazzsaksofon.

– Terje og eg hadde lange filosofiske samtalar om jazz og det norske. Vi var tidleg bevisste på at vi skulle lage noko som var norsk. Vi var òg veldig tidleg ute med frijazz. Vi fekk mykje motstand. Også på det at vi var så formidlande og brukte masse humor. I dag er det mange som gjer det. Men vi opplevde at vi streva – vi fekk ikkje mange spelejobbar.

Spelejobbane kom andre plassar. For Seglem var spelinga med Kenneth Sivertsen noko av det viktigaste. Den som kjenner dagens Seglem vil kanskje ikkje tenkje på dei to som ein opplagt kombinasjon, men Sivertsen var den viktigaste karrierestartaren. Dei to møttest på Voss folkehøgskule. Hit kom Seglem som 17-åring, etter det han omtalar som «eit rikt år i tiande klasse, hø hø – det var mykje speling, drikking og tull». Då han kom til Voss, fann han og Sivertsen kvarandre i dei høge ambisjonane. Dei dreiv kvarandre.

– Eg og Kenneth – det var seriøse greier. Knallhard øving!

Det var med Sivertsen han reiste på sin første Rikskonsertturné i 1985, den han i dag ser på som starten på livet som profesjonell musikar. Sivertsen var allereie då i ferd med å bli eit kjent namn. Turneen gav eit lite økonomisk grunnlag, og mot til å satse på musikken og berre den. Men feitt var det ikkje, og sjølv seier Seglem at det var akkurat slik at det gjekk bra. Han hadde snill sambuar med jobb og løn. Skrytte på seg studiar for å få eit bortebuarstipend ut av Lånekassa. Fekk havregryn sendt frå mor i Indre Sogn.

– Krafta og alvoret i musikken. Det gjorde at eg fortsette med dette og aldri var i tvil. Eg vil slå eit slag for at musikken er djupt alvorleg – for meg er det sjølve livsgrunnlaget å skape musikk og halde på med musikk. Vi hadde ein draiv til å utforske musikken.

Naturoppleving

Draiven altså. Er det det dét musikken handlar om?

Seglem har tenkt no, og byrjar å svare, famlar seg fram og leiter etter orda. Omtrent på same måten som han har bygd karrieren sin bygger han no opp eit svar: Det tar tid, og han går inn frå fleire kantar, før han ender opp med noko han kan stå for.

– Det handlar kanskje om å stille spørsmål og ikkje få så mange svar. At musikken kan stoppa tida og tankane og gje noko som andre kunstartar ikkje kan. Musikken er så abstrakt, er der – og så vekk.

Når han forklarar, tar han meir utgangspunkt i publikum enn i musikaren. På scena er han meir heime enn nokon annan stad, seier han, og det er publikum han vil nå fram til.

– Eg er vanvittig opptatt av vår evne til å lytte, som er blitt dårlegare, fordi det er så mykje lyd overalt. Viss eg kan få nokon til å lytte berre ein halvtime eller tjue minutt… Mange undervurderer det der, også i jazzmiljøet, det å lytta er noko mange ikkje gjer lengre… eller… det er mykje meir forbruk av musikk, og det kan vere bra det, men mi oppgåve er ikkje å bidra til underhaldning. Eg vil djupare inn – inn til noko du eigentleg ikkje kan setje ord på.

Så kjem han til ein slags konklusjon og set ord på det likevel:

– Det fantastiske med musikk er at det er så abstrakt og ikkje kan forklarast. Det kan liknast med det å ha naturopplevingar – det å oppleve musikken er stort nok i seg sjølv.

Orda må ut

Seglem-musikken er ordlaus. Det er saxen – og bukkehornet – som snakkar. Men orda må også ut ein stad. Diktsamlinga Stilla er ein åker kom i 2006. I fjor kom Kvit frekvens, stille spor.

– Eg har alltid skrive. Eg finn noko av det same i poesien som i musikken, også den poesien eg synest er best er den som ikkje er konkret.

Nesten sjenert fortel han at songar Elin Rosseland set musikk til nokre av dikta hans og har planar om å gje dei ut på CD.

– Det er litt løge at det skal stå «Tekst: Karl Seglem». Men det er inspirerande og stort!

Songtekstar held han elles knapt på med. Unntaket er eit par tekstar skrivne til Odd Nordstoga på byrjinga av 2000-talet. Orda hans får plass ein annan stad.

– Eg synest ofte songtekstar er uinteressante – særleg i tradisjonell jazz. Eg klarar ikkje å identifisere meg med dei. Viss eg lyttar på musikk med tekst, synest eg best om tekstar på norsk som har noko opent og usagt i seg, eller tekstar på språk eg ikkje forstår. Unnataket er kanskje Joni Mitchell.

I det heile er det ordlause og kombinasjonen mellom fleire sansar noko som går igjen i den seglemske kunsten. Når han set opp eit forrykande show i snøen under ekstremsportveko på Voss. Eller på barneforestillingane tidleg i haust, der han hadde med ein illustratør som teikna monster til musikken. Helst jobbar han improvisatorisk og brukar det som skjer i augneblinken.

– Det å tore at det er stille, for eksempel – å bare strekke stilla. Folk er ikkje vane med det og blir veldig forundra. Men då forstår publikum at dei òg skal vere stille, og då kan det skje noko spesielt… sjå der er Jens Brekke, no kan du spørje han om dette med bukkehornet!

Kulturhær mot EU

Vi sit altså på festivalhotellet i Førde, og forbi kjem han som personleg viste vegen inn i ein annan lyd. Mangeårig ven Jens Brekke frå Vik introduserte Seglem for bukkehornet, som sidan er blitt noko av ein signatur. Til saman fortel dei historia om lag slik:

Det er 1993, året før Norge skal folkeavstemma seg bort frå EU-medlemskap for andre gong. Karl Seglem og ei handfull andre kulturpersonar tar del i ein «kulturhær mot EU» som trålar seg gjennom Vestlandet. Med på turneen er politikar Liv Signe Navarsete, sunnfjordkunstnar Oddvar Torsheim (som reiste med dieselaggregat til forsterkaren), kulturpersonlegdomen Fridtjov Urdal – og altså Brekke. Han bles i bukkehorn, Seglem i saxen. Brekke blir begeistra for saksofonspelet, rekker fram hornet og seier «dette skal du ha!» Seglem er litt skeptisk til heile hornet, ser på det frå alle kantar, testar litt og legg det til sides. Men noko seinare lokkar det igjen, og han finn ein slags tone inni der som kan brukast til noko.

– I bukkehornet finn eg noko anna enn i saxen. Eg trur det har å gjere med at det er så primitivt. Eg må henta fram musikken på ein annan måte. Det er først og fremst ein annan musikk, seier Seglem.

Blåste alle pengane

Etter 13 år i Oslo har han ingen planar om å flytte vestover igjen. Men vestlands¿identiteten er sterk, og nokre veker i året må han tilbake. Til Årdalstangen, inst i Sogn, der ein ikkje ser sola på heile vinteren – ho er gøymd bak høge fjell.

I Årdal står komponisthuset. Tidlegare bestemorhus, så nedfallshus, før ungguten blei aktiv i musikken og trengte ein plass «å spele og drikke». Tømmerveggane frå 1890 er dei same, men huset er pussa opp og fungerer som hytte for familien og skrivestove for komponisten Seglem. Her er han nokre dagar, kanskje ei veke i strekk og skriv. Det er også her han nesten manisk har samla haugar av utklippsbøker frå starten av karrieren. Etter 30 år som frilansmusikar er det mange av dei. Han har også bak seg snart 25 år som plateprodusent, med nær 140 utgjevingar. Han har sett musikkbransjen forandre seg mykje.

– Dette med å tenkje på fellesskapet er begynt å forvitre – det er det same som elles i samfunnet. Det er kvar mann for seg, og ein tenkjer ikkje på at til dømes fellesmidlar skal kome fleire til gode.

Etter snart 30 år er han etablert, men må enno jobbe hardt for kvar jobb og for å få spelt inn og selt musikken.

– Eg er ikkje ung og lovande, men eg har ei lang liste å vise til med kva eg har gjort. Eg meiner at det er viktig å tenkje på det, til dømes ved tildeling av stipend i stat og kulturråd, at vi òg skal klare oss. Ein kan ikkje ta for gitt at ein som har fått stipend fleire gongar gjennom mange år nå kan klare seg utan. Eg er like avhengig av det no.

Sjølv har han korpset å takke for at han blei musikar.

– Årdal var ein heilt fantastisk stad å vokse opp på 70-talet. Vi hadde ein fantastisk musikklærar, og i den vesle bygda med 6000 menneske var det fire korps! Kommunen satsa verkeleg på musikk. No er det noko heilt anna. Det er eitt korps igjen, økonomien i kommunen er i krise og det merkast.

Kanskje kommunen blåste alle pengane på 70-talsgenerasjonen. Men dei fekk i alle fall Karl Seglem ut av det. Han kjenner alltid årdalsstøtta i ryggen, og gjev tilbake når han kan. Seinast i sommar var han tilbake for å spele med det attverande korpset, som hadde øvd inn ei handfull Seglem-låtar.

– Det er forsiktig sagt ikkje noko standard-repertoar for eit streit korps. Men eg trur dei syntest det var moro å gjere noko annleis. Og der satt ungdom i korpset, men òg karar som eg kjende att frå då eg spelte der på 70-talet! Å sitje og høyre på dei – eg var heilt rørt.

«Eg vil slå eit slag for at musikken er djupt alvorleg.»

Karl Seglem

Karl Seglem

• Musikar, komponist, plateprodusent og poet

• Utdanna ved musikklinja på Voss folkehøgskule

• Har samarbeidd med svært mange. Lengst med Terje Isungset og Håkon Høgemo

• Har gjeve ut 15 album som soloartist. Det sekstande, Som Spor, kom i september i år.

• Skreiv for Jazznytt

• Var aktiv i Foreningen norske jazzmusikere

• Har gjeve ut to diktsamlingar, den siste i 2013

• Har drive plateselskapet NORCD sidan 1991

03.10.2014
11:26
27.08.2015 20:02

Karl Seglem

• Musikar, komponist, plateprodusent og poet

• Utdanna ved musikklinja på Voss folkehøgskule

• Har samarbeidd med svært mange. Lengst med Terje Isungset og Håkon Høgemo

• Har gjeve ut 15 album som soloartist. Det sekstande, Som Spor, kom i september i år.

• Skreiv for Jazznytt

• Var aktiv i Foreningen norske jazzmusikere

• Har gjeve ut to diktsamlingar, den siste i 2013

• Har drive plateselskapet NORCD sidan 1991