Mona Askerød

1 milliard til musikk i 2012

Litt fleire gjekk på konsert i 2012 enn i 2011. Staten brukte litt fleire millionar på musikk, og færre elevar fekk tilbod gjennom kulturskolen. Det viser kulturstatistikken frå SSB.
10.01.2014
10:52
27.08.2015 20:02

Den årlege kulturstatistikken frå Statistisk Sentralbyrå er klar. Statistikken har vore utarbeidd sidan 1975, og har som hovudmål å gje eit oversyn over det som finst av statistisk informasjon om kulturfeltet.

Nær 20 milliardar kulturkroner

Dei statlege utgiftene til musikkformål utgjorde litt over 1 milliard kroner i 2012. Det er 67 millionar meir enn i 2011, og meir enn dobbelt så mye som i 2001. Største potten, omlag ein firedel av milliarden, gjekk til regions- og landsdelsinstitusjonar.

Samla brukte det offentlege Noreg nær 20 milliardar kroner på kultur. Kulturdepartementet brukte 9 milliardar, fylkeskommunane 1,3 milliardar og kommunane 9,4 milliardar.

Norsk Kulturfond delte ut 540 millionar kroner, og musikkområdet var det som fekk største delen med 165 millionar kroner.

Færre elevar i kulturskolane

Dei kommunale musikk- og kulturskolane gav tilbod til 109 000 elevar i 2012. Det er 1500 færre enn i 2011. 67 prosent av desse deltok i musikkundervisning, omlag 15 prosent i danseundervisning.

Mange i arbeid

3 prosent av alle som er sysselsett i Noreg hadde hovudjobben sin i kulturnæringa i 2012, ein vekst på 3,4 prosent frå 2011. Her er tatt med både offentlege og private verksomder, både tilsette og sjølvstendige.

36 000 bedrifter var registrerte i kulturnæringane i 2012. Dette utgjer 6,3 prosent av alle aktive næringsbedrifter i landet.

Festivalar

Festivalane som er registrerte i statistikken hadde eit godt år. Til 53 festivalar kom det 1,2 millionar besøkande som såg og høyrde til saman 12 300 artistar. Dette inneber naturleg nok at fleire av artistane - og dei besøkande - er talde fleire gongar. Til saman omsette dei 53 festivalane for 370 millionar kroner, og omlag 31 prosent av dette var statlege tilstkot.

Dei samla statlege løyvingane til festivalar var på 43,5 millionar kroner - nesten 11 millionar meir enn året før.

Kulturbruksstatistikken frå 2012 viser at dei fleste festivalgjengarane i 2012 var på festspel eller klassisk- og operafestival, med folkemusikk, jazz og rock ikkje langt etter.

Konsertar

SSB hentar inn besøkstal frå NTO (Norsk teater- og orkesterforening), og seier at det vil vere variasjonar frå år til år i kva for orkester og teater som rapporterer til statistikken. Dermed er det eigentleg vanskeleg å samanlikne frå år til år. Likevel: I 2012 var 445 000 menneske på konsertar i regi av orkestra, mot 436 000 i 2011. Det er ein auke på 2 prosent. Dersom ein tel med konsertar i regi av Den kulturelle skolesekken, viser dei samla besøkstala ein liten nedgang.

Rikskonsertane arrangerte 9600 konsertar i 2012, omtrent like mange som året før. Det aller meste av dette var skolekonsertar.

Sjå heile statistikken

I Kulturstatistikken finn vi tal for offentelege utgifter, informasjon om sysselsetjing og føretaksdemografi i kulturnæring, samt oversikt over deltaking i ulike kulturelle aktivitetar. Hovudformålet med publikasjonen er å beskrive og gi ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike kulturområde i Noreg.Vil du gå lengre inn i tala? Sjå heile statistikken

10.01.2014
10:52
27.08.2015 20:02