Reell frykt for framtida for folkemusikken

MENING: Folkemusikken har vore marginal i skulesamanheng lenge, skriv Even Tråen, og fortel om eigne opplevingar frå musikkundervisninga på lærarskulen på syttitalet.
29.01.2016
12:17
29.01.2016 12:29

Det er mykje snakk om norsk musikk og norsk kultur for tida. Mange hevdar at det vi har av norsk kultur er truga av innvandring. Likeins ser vi at folkemusikarar er opptekne av folkemusikkens plass og rolle i skuleverket. Ferskast er Eli Storbekken sitt innspel, der ho fryktar at folkemusikken forsvinn.

Les: Frykter at folkemusikken forsvinner

Ho viser til at kunnskapen studentane ho møter ved Ole Bull akademiet har om tradisjonsmusikk er i drastisk endring. Hennar frykt er reell.

Even Tråen, felespelar og tidlegare lærar.

Even Tråen, felespelar og tidlegare lærar.

Privat

Men det er ei utvikling som har gått over mange tiår. Eg gjekk sjøl på Notodden lærarskule på syttitalet og vi var det andre kullet i den nye treårige utdanninga som var starta opp. Det skulle vera ei reform, der studentane skulle bli allmennlærarar, men òg få ta fag dei kunne fordjupe seg i. Eg tok musikk.

Den tida skulle alle ha blokkfløyte fyrste året. Det lika eg, for vi hadde spela fløyte i fleire år her heime og vi spela alt slag. Særleg tussefløytelåtane til Egil Storbekken kan eg hugse. Men låtutvalget i mi femmergruppe i blokkfløyte låg noko under Fjelltrall og slikt. Eg var vel den einaste som kunne spela, men kunne lite notar og da hjelpte det ikkje – dei strauk meg etter at eg hadde spela Da klokka klang.

Men så kom fordjupninga, eg valde sjølvsagt musikk, det låg meg nærast. Eg fekk etter kvart solosang og song på den måten eg hadde lært i heimbygda mi, Rollag. Læraren sa, «jo det er pent Even, men du kan ikke synge sånn.» Altså ikkje folkeleg, så eg fekk pressa fram etter kvart «Es war ein Kønig im Thule gar treu bis an das Grab, dem sterbend seine Buhle einnen goldnen Becher gab» med min folkelege baryton. Franz Schubert altså, og eg lika det sjølsagt. Det var store ting for meg å koma inn i denne verda, ikkje misforstå meg. Det var berre neglisjeringa av det eg hadde med heimanfrå som var så vondt.

Vi skulle så velja hovudinstrument. Eg hadde spela hardingfele nokre år og var ein del hjå storspelemannen Gjermund Haugen desse åra og da eg spurde om han ville vera læraren min sa han ja med ein gong. Eg vart henrykt og gjekk lett inn til musikksekjsonen og forkynte at eg hadde vald hardingfele som hovudinstrument og at Gjermund ville vera læraren min.

Men nei – hardingfele var ikkje noko instrument å ha som hovudinstrument! Dei skaffa meg fiolintimar hjå Håvard Moe i Seljord. Der spela eg menuettar ein gong i veka. Hyggeleg det, men det var ikkje det eg tro etter. Håvard forsto det og lærde meg Jølsterbrura av Anders Viken etter notar og en gangar etter faren Eivind. Begge desse på hardingfele.

Til eksamen la eg opp 20 stykke og av dei sto Jølsterbrura nederst på arket. Sensor frå Volda skumma lista mi og utbraut; Nei spelar du Jølsterbrura! Den ville han høre, og ikkje meir. Eg brann inne med alle menuettane mine.

Musikkhistorie er interessant og det var eige emne i studiet. Eg etterlyste noko om norsk folkemusikk. Vel, det vart vel slik at eg masa om det etter kvart. På Notodden, i Telemark og ikkje ein time med folkemusikk fekk vi!

Til slutt ga dei etter og spurde om eg kunne halde eit foredrag for mine medstudentar om norsk folkemusikk. Tre timar ein torsdag formiddag. Eg pressa inn det eg kunne få inn og det vart tre heseblesande timar. Og det var alt mine medstudentar fekk med seg ut i skuleverket. Og om det var for å blidgjera meg mot slutten veit eg ikkje, men eksamensoppgava i musikkhistorie lydde slik: «Om norsk folkemusikk og dens påvirkning av kunstmusikken.» Eg kom ut av det med toppkarakterar fordi eg kunne dette frå før, men det var ikkje noko glede ved det. Eg følte at eg hadde masa meg til det og at dei andre måtte lide på grunn av mi masing.

Her er parallelle prosessar. Opplevingane mine frå lærarskulen går ved sida av utviklinga av musikkformidlinga i til dømes NRK. Ellen Nordstoga og andre har vore inne på det i ulike debattfora: korleis er utvelginga av musikk i NRK? Kven formidlar den folkelege norske musikken når korkje skulen eller media gjer det?

Dei siste par åra har eg fått vore med på ei fantastisk reise saman med Åshild Wetterhus frå Numedal, Sivert Holmen frå Valdres og Guillermo Rizztotto frå Argentina. Vi har kopla saman folkeleg musikk frå Numedal og Noreg med folkeleg musikk frå Argentina og laga eit konsertprogram ut av det. Slike møte treng vi i dag, da vi er så fulle av frykt for det som er framandt. Vi treng å sjå og oppleva møte med ulike kulturar, for å forstå at folk er folk overalt og at vi trår etter det same overalt. Det blir så rikt når vi tek med vårt eige og gir det bort til framande som så kjem med sitt. Når dette smeltar saman til nye uttrykk, så skapar det forståing og samhald. Det skal vårt folkelege tene til, men da må vi kjenne til det. Vi kan ikkje bruke musikkutvalet i NRK i slike møte som dette. Nei vi må bruke vårt særeigne til å skape noko nytt for så å forstå og godta andre. Berre slik kjem vi vidare.

Even Tråen, felespelar og tidlegare lærar

Vi må bruke vårt særeigne til å skape noko nytt for så å forstå og godta andre.

29.01.2016
12:17
29.01.2016 12:29