KNALLHARD KONKURRANSE: Vi må ta val, vurdere, bruke vår erfaring. Vi må stå for at vi opplever noko som betre enn noko anna. Konkurransen er knallhard, søknader jamnt over gode, og det er veldig lite midlar å dele ut, skriv Karl Seglem om arbeidet i fagutvalet i Kulturrådet.

KNALLHARD KONKURRANSE: Vi må ta val, vurdere, bruke vår erfaring. Vi må stå for at vi opplever noko som betre enn noko anna. Konkurransen er knallhard, søknader jamnt over gode, og det er veldig lite midlar å dele ut, skriv Karl Seglem om arbeidet i fagutvalet i Kulturrådet.

Sigvor Mala

Om å la det gå en faen i seg mot Kulturrådet

MENING: Kvifor hegnar ikkje fleire kunstnarar om ordningane og forsvarar dei, i staden for å gå til åtak på Kulturrådet, som er eit heilt unikt nav for kunst i det frie feltet, spør Karl Seglem i dette innlegget, som er ein kommentar til kritikk frå musikar Bent Patey.
29.03.2017
11:01
26.04.2017 16:46

Musikar Bent Patey er på krigsstien igjen (Dagbladet. 6.mars 2017). Patey rir minst tre hestar: Ein er gammal kritikk av Kulturrådet, den andre er gammal tenking om endring av måtane ein fordeler midlar til norsk kultur på. Midlane utgjer mindre enn 1 prosent av statsbudsjettet, der enda mindre går til musikkfeltet og langt mindre gjennom Kulturrådet sine ordningar. Den tredje er teoriar om kvifor frilansmusikarar tener mindre enn nokon gong. Patey sine uttalingar er kunnskaps- og retningslause, og eg er ikkje med på hans korstog mot byråkrati og kulturpolitikk. Han har ei litt for bitter suppe på langkok.

Historielaust

Det er historielaust å ikkje forstå at den fantastiske breidden og nivået norsk musikk har i dag, er skapt på bakgrunn av at små midlar til kultur lenge har blitt forvalta godt, særleg på musikkfeltet, særleg både av den faglege og administrative kompetansen i Kulturrådet. Pengane kjem frå Norsk kulturfond og skal komma det frie feltet til gode (ikkje kunst- og kulturinstitusjonar). Det er som oftast når misforståtte kunstnarar føler seg forbigått at ein høyrer om Kulturrådet. Kvifor hegnar ikkje fleire kunstnarar om ordningane og forsvarar dei, i staden for å gå til åtak på Kulturrådet, som er eit heilt unikt nav for kunst i det frie feltet? Det er forbausande liten entusiasme over at eineståande støtteordningar finst. Iallfall lite synleg glede. I land etter land blir kunststøtteordningar kutta. Det finst ikkje mange land som framleis har så gode ordningar som Norge.

Den kulturpolitikken som blir praktisert frå fondet er i stor grad kunstnarstyrt, fordi det politiske fleirtalet, via Kulturdepartementet, så langt har meint eller praktisert at det er der fagkunnskapen er størst. Eg er tilhengar av kunstfagleg kunnskap, i motsetning til om BI-utdanna næringsøkonomar også skal forvalta pengane til det frie feltet. Dei er det etter mi meining nok av i våre kunst- og kulturinstitusjonar (etterlønn er populært der), og i det private. Og det er diverre liten tvil om at Kulturrådets virke og praksis står under svært stort press. Det føler alle frie kunstnarar på.

Slik jobbar Kulturrådet og eit fagutval

Kulturrådet (KR) har informative nettsider. Patey fekk tydeleg svar på sin kritikk frå direktør Mariann Kommissar i kunstavdelinga. Men det er liten kunnskap om korleis midlane blir forvalta, iallfall om ein skal tolka Pateys grunnlause påstandar. Eg vil forklare ut frå at eg sit i eit musikk-fagutval i KR.

Pateys «det gikk en faen i meg» er skivebom.

KR mottek søknad, som går til sakshandsamar. Er den riktig utfylt? Ok budsjett? CV/vedlegg ok? Lyttar på lydfiler, er det godt? Svakt? Søknaden blir godkjent etter forvaltningsloven. Før møtet ligg det ei tilråding til fagutvalet, som samla skal vurdere søknaden. Sakshandsamarar i KR er folk med lang erfaring, dei fleste har ei glødande interesse for musikk slik eg kjenner dei, og dei er ikkje «byråkrater som suger kulturmidler som igler», slik Patey seier det. Fagutvalet på fem personar får søknadslista og gjennomgår kvar einaste søknad på same vis. Vi er pliktige til å levere inn vurderingane våre som er synlege for alle når vi møtes på tildelingsmøtet. Dei ulike fagutvala i musikk er oppnevnt av rådet i KR. Folk med individuell musikalsk smak, ulik, brei bakgrunn i norsk musikk både sjanger- og arbeidsfeltmessig. Fagutval er valde personar ut frå geografisk spreiing, årelang erfaring frå utøvande og skapande arbeid i mange sjangrar. Å stempla alle som udugelege byråkratar er kunnskapslaust. Fagutvala blir skifta ut kvart andre år.

Sakshandsamar tilrår og fagutvalet tek avgjerda. Ikkje sakshandsamar. Det er det som er armlengds avstand i praksis. Det er ein god måte å gjera det på etter mitt syn. Også fordi reglane om inhabilitet blir strengt følgt. Praksisen er at utvalet melder frå, før møtet, om eventuelt slektskap, økonomisk vinning, tett samarbeid, venskap og så bortetter. Under møtet hamnar utvalsmedlemmane på gangen under handsaminga av inhabilitetssaker.

Søknadshandsaming er komplekst. Mange faktorar spelar inn også utover det kunstnarlege (som skal telja mest). T.d.: Kor mange bluesband har søkt om støtte og kvar skal dei turnere? Kor mange jazz og death-metal band skal på utanlandsturne og kven opererer med ok betalt per jobb og nøkternt budsjett? Er det tilrådeleg å gje støtte til ein elektronika-artist som har tre konsertar i Kina når lydvedlegget er svakt? Kvifor skal vi støtta eit barokkensemble som spelar Bach dårlegare enn dei vi støtta i fjor? Er budsjettet oppblåst og med svært høge administrasjonskostnader og få konsertar? Geografi og sjangerbreidde?

Val

Vi må ta val, vurdere, bruke vår erfaring. Og vi må bli einige. Stå for at vi opplever noko som betre enn noko anna. Støtteverdig ut frå eit heilskapssyn. Konkurransen er knallhard, søknader jamnt over gode, og det er veldig lite midlar, slett ingen gigantisk pengesekk. Mengden søknader gjer arbeidet intenst og effektivt. Vi jobbar mange fleire timar enn dei vi får betalt for ut frå satsane. Eg sa ja fordi eg ville læra meir om praksisen til KR, få betre kjennskap til norsk musikk, bli utfordra på å samarbeide med fagfolk med andre meiningar om musikk enn mine eigne. Arbeidet er givande, lærerikt og krevjande. Eg får høyrt mykje av det som foregår i dagens norske musikk. Og for min del legg eg meir vekt på det konkrete eksempelet av musikk som ligg ved, enn lange lister med tidlegare meritter. Det styrkar ikkje ein søknad å ramse opp at ein var i studio med den eller den for lenge sidan. Iallfall ikkje når eg vurderer lydeksempelet som svakare enn liknande prosjekt innanfor tilsvarande uttrykk. Vi skal stimulere til kunstnarleg nyskaping i alle sjangrar. Sjølvsagt kan vi gjera feil. Ingen er ufeilbarlege. Etter søknadshandsaminga går avgjerdene til rådet.

Postmann på bass

Til slutt vil eg rydda opp i Pateys idé (+våpendragarar i sosiale media) om at han blir «boikottet». Den første søknaden frå Patey som mitt fagutval handsama vart avslått fordi ein stor del av budsjettet gjekk til å fly inn to utanlandske musikarar (frå New Orleans). I neste runde var ein av desse erstatta med ein norsk og budsjettet skalert ned til eit meir realistisk nivå. At Patey då vel å senda søknaden i bassisten sitt namn (han var også musikar i første søknad) er fagutvalet like knekkande likegyldig som at denne musikaren er postmann. Det er total skivebom å bruka det argumentet mot KR, som også har tiltru til at søkar kvalitetssikrar musikarar ein ynskjer å ha med på turné. Søknaden gav 30 000 til Patey/Novelli/Engen/Brækhus. KR skal i hovudsak støtta norske kunstnarar. Derfor var det også ein betre søknad.

Vi skulle forøvrig hatt litt av ein jobb om vi måtte ha teke stilling til kven av søkarane som lever 100 prosent av musikken. Det er ein annan debatt, som må takast med eit breitt felt: MFO, NJF, FolkOrg, Gramart og fleire.

Debattane bør vi halda fram med å ta, på andre plattformar enn i digitalsfærer der argument forsvinn fortare enn ein har skrive dei. I det vidare vil eg håpa at Bent Patey sluttar å bruke ingrediensen «har ALDRI fått støtte frå Kulturrådet» i suppa si, at han er litt klokare, og har eit meir nyansert syn på kva ein byråkrat er!

Karl Seglem

er musikar, komponist og poet. Har gjeve ut 37 album og to poesisamlingar og har gjennom NORCD gjeve ut over 180 fonogram med norsk folkemusikk og jazz sidan 1991. Sit i Norsk Kultur fagutvalet for musikar og ensemblestøtte.

Den fantastiske breidden og nivået norsk musikk har i dag er skapt på bakgrunn av at små midlar til kultur lenge har blitt forvalta godt.

29.03.2017
11:01
26.04.2017 16:46