Erik Ulfsby, teatersjef ved Det Norske Teatret.

Erik Ulfsby, teatersjef ved Det Norske Teatret.

Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret

Erik Ulfsby: Kunsten er internasjonal

MEINING: Kunstnarleg utveksling og impulsar utanfrå har alltid kjenneteikna kunsten. Kunsten skal orientere seg internasjonalt, skriv Erik Ulfsby, teatersjef ved Det norske teateret, som svar til Tom Remlov.
19.09.2017
12:00
19.09.2017 10:45

Riksteatersjef Tom Remlov skriv på nettstaden musikkultur.no at han er uroa for ambisjonane norske kulturinstitusjonar har utanfor landets grenser. Remlov har vanskar med å sjå det store kunstnarlege utbyttet av internasjonal satsing, særleg for dei store ensembla. I staden oppfordrar han til meir turnéverksemd nasjonalt. Det er overraskande, for kunstnarleg utveksling og impulsar utanfrå har alltid kjenneteikna kunsten. Det er slik han utviklar seg.

• Les Tom Remlov si meining: Kunst på tur

Slik eg les Remlov, er han redd for at internasjonal verksemd skal skje på kostnad av arbeidet heime. Eg trur ikkje det er grunn til å uroa seg. Tvert imot er det grunn til det motsette. Eg er til dømes heilt trygg på at Ingrid Lorentzens imponerande arbeid med å gjere Nasjonalballetten synleg utanfor landets grenser, har vore med på å styrke balletten, gjeve han meir kunstnarleg mot, gjeve innsikt i styrker og svakheiter, og gjeve dei moglegheiter til å utvikle seg. Nasjonalballetten har kanskje aldri stått sterkare kunstnarleg enn i dag?

Tom Remlov og eg er samde om at å vere eit lite ekstra glitrande gåvepapir rundt ein sjømat-kongress i Kina kanskje ikkje er det mest spennande. Men så er det heller ikkje noko godt døme på internasjonalisering av kunsten. Det er heller døme på ein smålåten instrumentalisme, på ei forveksling av kunst og marknadsføring. Kunsten skal orientere seg internasjonalt for si eiga skuld. Kunsten er internasjonal. Det veit vi når det gjeld musikk og biletkunst, men det same gjeld for alle dei andre kunstartane også. Norsk teater har historisk vore sein med å reflektere nye tendensar, og mange meiner at det skuldast at vi har vore såre nøgd med oss sjølve. Men sanninga er at dei gongene norsk teater har vore på høgda, då har vi vore i takt med internasjonale tendensar. For det er ikkje mykje særnorsk i dei verdiane vi kallar norske, og det er lite særnorsk i norsk teater. Det merkar vi når vi kjem ut. Vi merkar også at vi held høg kvalitet på mykje av det vi driv med, men det er slett ikkje slik at vi kan klare oss utan impulsar utanfrå.

• Les også: Private penger gjør utenlandsturneer mulig

Derfor skal vi delta på relevante internasjonale festivalar. Derfor skal vi halde fram med å hente inn regissørar, dramatikarar, scenografar og andre skapande kunstnarar. Derfor må vi reise ut for å bli vurderte, bli sette, for å delta. Det er viktig for at vi skal kunne få dei kreftene vi treng, til å komme og arbeide hos oss. Dei vil også at arbeida deira skal bli sette.

(Teksten held fram under biletet.)

MEIR: I åra som kjem, vil vi styrke teateret gjennom tettare kunstnarleg dialog med internasjonale krefter, skriv Erik Ulfsby. Biletet er av framsyninga Edda, regissert av amerikanske Robert Wilson, som hadde premiere på det Norske Teatret i vår, og som frå i haust er hovudframsyning på Aarhus teater i Danmark.

MEIR: I åra som kjem, vil vi styrke teateret gjennom tettare kunstnarleg dialog med internasjonale krefter, skriv Erik Ulfsby. Biletet er av framsyninga Edda, regissert av amerikanske Robert Wilson, som hadde premiere på det Norske Teatret i vår, og som frå i haust er hovudframsyning på Aarhus teater i Danmark.

Lesley Leslie-Spinks/Det Norske Teatret

Det er no på tide å løfte blikket. Vi lever i ei krevjande tid. Ei tid som treng breiare og djupare dialog på tvers av nye og gamle skiljeliner. Ei tid kor kunsten og kunstnarane kanskje kan spele ei avgjerande rolle når det gjeld å forstå den nye verda som blir til rundt oss.

Trass i at vi nokre år no har opplevd strammare kulturbudsjett, er det ikkje tvil om at norsk kulturliv framleis er å finne ytst på den grønaste greina på treet. Det ville vere eit underleg signal å sende, at vi er oss sjølv nok.

Derfor er også Det Norske Teatret eit stolt medlem av organisasjonen ETC (European Theatre Convention). Over 40 europeiske teater samarbeider, snakkar saman, og utvekslar framsyningar og kompetanse.

Det Norske Teatret er i vekst. Vi har eit stadig vaksande publikum, og vi er synlege over heile landet med fleire store turnear årleg, mellom anna i godt samarbeid med Riksteatret. Men vi kan ikkje stoppe her. I åra som kjem, vil vi styrke teateret ytterlegare ved å være i tettare kunstnarleg dialog med internasjonale krefter på våre felt. Det inneber også at vi i større grad enn før vil vise oss fram på arenaar ute i verda, og i større grad enn før vil ønske verda velkomen til oss. Verda endrar seg. Det er heilt naudsynt for ein ambisiøs kunstinstitusjon å gjere det same.

Erik Ulfsby, teatersjef ved Det Norske Teatret

19.09.2017
12:00
19.09.2017 10:45