ARTIKKELFORFATTAR: Hans Martin Austestad.

ARTIKKELFORFATTAR: Hans Martin Austestad.

Privat

Hans Martin Austestad: Poetikk – ei strukturell forskingsmetode i musikk, og kunst generelt

Poetikken kan gje ein ny inngang til å jobbe med musikkproduksjon, meiner Hans Martin Austestad. I denne artikkelen gjev han ei innføring i historia til poetikken og kva poetikk eigentleg er.
03.12.2020
11:21
10.12.2020 12:26

Poetikk er ei doktrine som har vore med sidan antikken, kortfatta forklart: den ontologiske grunngjevinga til dikterkunsten. Altså, forklaring på kvifor det går an å lage kunst. Ordet poetikk stammar frå det greske ordet poiein, som tyder «å gjere, lage, eller produsere.» Det nyttast til å diskutere og granske korleis noko kan bli til, og/eller praksisen med å lage. Difor har også poetikken spelt ei viktig rolle for korleis me utfører kunstkritikk. I motsetnad til poetikkens psykologiske tvilling, kreativitetsteori, vektlegg poetikken naturlov. Altså, korleis naturlov er utgangspunkt for struktur og prosess. Følgjeleg er eg av den oppfatning at poetikk gjev tilgang til eit balansert miljøperspektiv når ein diskuterer musikk.

Poetikk dukkar også opp i «overraskande» samanhengar, som vitskapelege artiklar om lækjevitskap eller i bøker om digitale media. Ein kan seie at poetikken bidrar til forståing for strukturar som produserer eit fenomen. Poetikk fell difor smidig inn under eit strukturalistisk tankesett. Poetikk har ei rik historie i musikk. Her er nokon lærerike verk:

Aristoteles – Poetikk (ca. 335 f. Kr.)

Aristoteles står for sjølve klassikaren i sjangeren. Verket inneheld 26 kapitel som skildrar diktekunst i antikken, tragediar og komediar, og ulike formar for rim. Han inneheld også fleire kapitel om retorikk. Verket skal ha blitt notert ned av Aristoteles sine elevar, då læremeisteren sjølv heldt leksjonane munnleg, noko som kjenneteiknar fleire poetikkar.

Joachim Burrmeister – Musica Poetica (1606)

Joachim Burrmeister (1564-1629) gjev innblikk i korleis poetikk i barokken var ein kombinasjon av historie, filosofi og musikalsk notasjon som ein heilskapleg musikkpedagogikk. Slik kan ein også sjå at skuleverket, historisk sett, var i ferd med å bli meir formalisert på Burrmeister si tid. Eit kjenneteikn for fleire poetiske verk frå denne perioden, er at dei kjem til uttrykk som lærebøker, som framsyner det siste innan notasjonsmetode, og korleis ein læremeister kan undervise i faget sitt. Verket til Burrmeister tek for seg analyse og imitasjon – og inkluderer kapitel om retorikk. Her skildrar han affektlære, kadensar og modalitet, tidsepoken sitt retoriske bidrag til korleis musikk har fastlagd effekt på lyttarens kjensleliv.

Burrmeister argumenterer også for musikk som eit handverk. Å oppnå kontroll over det poetiske handverket, ved å forstå reglane, stod sterkt hos Aristoteles, og her også hos Burrmeister. Dei talar begge om reglar som ligg til grunn for musikken, og tek utgangspunkt i at reglane er utdelt av natur. Burrmeister poengterer at ein kan lære seg musikk utan å forstå reglane, men at meisterleg kontroll er umogleg utan denne forståinga. I tillegg meiner han det ligg eit formål bak instruksjon i å lære bort reglane. Dei er ikkje berre til for å løyve nye musikarar å lage musikk. Dei er også til for å førast vidare. Her ser me såleis tankegang om at fagkunnskap og pedagogikk relaterer seg til fagutvikling og samfunnsutvikling.

Anton Webern – A Path To New Music (1932-1933)

Poetikk såg ut til å vere ein trend blant store samtidskomponistar på midten av 1900-talet. Dette kan kanskje ha noko å gjere med «akademiseringa» av kunstnarisk utvikling. Anton Webern gjorde ein serie med leksjonar i eit privat hus i Wien i 1932 og -33. Webern legg seg til ei økosentrisk tilnærming til musikken, som han hentar direkte frå Goethe sin Theory of Colours, med det interessante sitatet: «man is only the vessel into which is poured what nature in general wants to express».

Igor Stravinsky – Poetics Of Music (1947)

Nok ein poetikk som består av ein serie med leksjonar. Denne gong frå Harvard University i 1947, i Charles Eliot Norton sin chair of poetics. Stravinsky delar inn leksjonane i seks delar, der han både lovpriser og hudfletter andre sine arbeid, og belyser sine eigne tankar om musikk og det å komponere. I epilogen summerer Stravinsky opp musikalsk praksis som forfølginga av «eit av mange» val. Ein vert ifølgje Stravinsky leia fram til «eit av mange» gjennom fornuftig gransking av strukturen i eiga forståing. Konklusjonen i epilogen opnar opp for spørsmål som allereie har mange tilnærmingar og svar tidlegare i boka, difor er boka interessant å lese mange gongar.

Paul Hindemith – A Composer´s World (1952)

Hindemith heldt også leksjonar i Charles Eliot Norton sin chair of poetics på Harvard University. Hindemith var frå Frankfurt, som på byrjinga av 1900-talet var forsynt med intellektuelle tenkjarar gjennom Frankfurterskulen. Han studerte på Dr. Hoch’s Konservatorium under Arnold Mendelssohn (1855-1953) som også i ein periode var lærar for Theodor Adorno (1903-1969). Hindemith demonstrerer filosofisk og teoretisk oversikt og innsikt i dette verket. Verket er noko audmjukt i sitt samandrag, skildra som at det ikkje er meint for vidarekomne, men at det kan vere ein god introduksjon for nybyrjarar. Det kan hende at det intellektuelle livet i Frankfurt bidrog til at forfattaren satt igjen med eit inntrykk av at det han skreiv om var allmennkunnskap. Det er det ikkje.

Eit par andre poetikkar, og ein tendens å merke seg

Også i Noreg har me poetikkar. Blant dei meir kjende er kanskje diktet som drøfter potensialet i diktet Digtets Aand (1844) av Johan Sebastian Welhaven (1807-1873). Sjølv har eg hatt glede av André Bjerke (1918-1985) si instruksjonsbok i versekunsten, Rytme og rim (1956), som går igjennom strukturen for rytmar og rim i god poesi.

Mi erfaring med å lese og søke etter poetikkar spesifikt til musikk, er at poetikkomgrepet har hamna ut av fokus. Mange lærebøker og studiar innan musikk innleiar gjerne med noko ein kan betrakte som poetikk, før dei går vidare med konkrete komposisjonsmetodar, trinn for trinn, som skal vere til nytte for lesaren. Slik liknar forord i lærebøker om låtskriving, som Tunesmith (1998) av Jimmy Webb, eller tekstskriving, Writing Better Lyrics (1995) av Pat Pattison, på poetikkar i den forma som Joachim Burrmeister hadde i Musica Poetica. Dei introduserer fagfeltet med friare skildringar basert på personleg erfaring, før dei skildrar framgangsmåtar gjennom teknikk og metodar.

I innleiinga legg forfattarane seg ofte til ei filosofisk tone, og eg får inntrykket av at innleiingane er skrivne med engasjement. Som allereie innvia lesar innan musikkfagfeltet vil eg medgjeve at eg ofte har større glede av denne filosofiske tilnærminga, enn spesifikt å få vite korleis til dømes ein bestemt person set akkordar til ein melodi. Skulegangen min har vore full av opplæring i korleis ein gjer noko. I 2020 ser ein også at internettet er fylt opp med ekstreme mengder av videoar med «sånn gjer du det»-innhald. Populært kalla for tutorials. Slike forklaringar er nyttige, særleg for den som startar med noko frå byrjinga av. Eg observerer også at filosofien og tankegodset som ligg bak ein tutorial; forklaringar om kvifor, og refleksjonar rundt kva, gjerne vert mindre synleg i ein overflod av instruksjon med faste mål. Tutorials har ofte som mål å berre forklare korleis ein utfører noko, og dette er både styrken og veikskapen til fenomenet.

På jakt etter tankane og reglane bak ein metode

Som vidarekomen komponist og musikar er eg oppteken av å utforme mine eigne framgangsmåtar, basert på mine interesser, styrkar og svakheiter. Då er eg ofte på jakt etter tankane og reglane bak andre sin metode, framfor å etterlikne sjølve metoden. Ved å forstå kva som formar reglane i ein metode, kan eg også oppdage kva reglar som står i forhold til kvarandre. Og korleis dei er fleksible i korleis ein kombinerer dei. Her kan ein sjå at det ligg mykje læring i å skilje mellom stilstudie og regelstudie. Stilstudie er ein effektiv måte å forstå og kopiere stil. Ein regelstudie fokuserer på reglane som gjer det mogleg at ein stil eller arbeidsstil blir til – der ein oppdagar korleis ein kan bryte reglar for å gjere noko umogleg mogleg, likt den kjende allegorien om Christoffer Colombus sitt columbi egg.

Slik meiner eg at poetikken opnar opp for regelstudiar, å analysere struktur som løyver regelproduksjon. Slik ser ein også ytterlegare nyansering av at poetikk er den ontologiske grunngjevinga til dikterkunsen. Det handlar om å sjå på reglane og lovane som løyver produksjon, og korleis dei står i forhold til kvarandre. Ikkje korleis du følgjer dei, men korleis dei følgjer naturen. Dette dannar eit teoretisk grunnlag for ein forskingsmetode, som vil gje tilgang til eit økovennleg perspektiv. Der kreativitetsteori fort kan hamne i eit antroposentrisk domene, kan difor den verdinøytrale vektlegginga på fysikk og naturlov i poetikken bidra til å balansere eit økovennleg paradigme også i musikkforsking.

Hans Martin Austestad er musikar, låtskrivar, og lektor med tilleggsutdanning i songwriting

Referansar:

Austestad, H.M. (2020): «Demo-Poetikk», masteravhandling, Universitetet i Agder, Fakultet for kunstfag, Institutt for rytmisk musikk.

Aristoteles (2008): Poetikk. Latvia, Vidarforlaget.

Bjerke, A. (1956): Rim og Rytme. Norge, H. Aschehoug & Co.

Boëthius, A. M. (u.d.) (henta 2020): «De Institutione Musica» – PDF-utdrag frå «Five Books on Music».

Burrmeister, J. R. (1993): Musical Poetics. New Haven and London, Yale University Press.

Csikszentmihalyi, M. (1990): Flow. New York, HarperCollins Publishers.

Goethe, J. W. (2016): Goethe’s Theory of Colours (Illustrated Edition). UK, The Echo Library.

Hamilton, A. (2011): Aesthetics & Music. London, Continuum International Publishing Group.

Hindemith, P. (2000): A Composer´s World. Mainz, Schott Musik International.

Pattison, P. (2010): Writing Better Lyrics, 2nd ed. USA, Writer’s Digest Books.

Scholes, R. (1974): Structuralism in Literature. USA, Yale University Press.

Scholes, R. (1982): Semiotics and Interpretation. USA, Yale University Press.

Stravinsky, I. (2003): Poetics of Music, (16th print). Cambridge, Massachusetts og London, Harvard University Press.

Todorov, T. (1981): Introduction to Poetics. USA, University of Minnesota.

Webb, J. (2014): Tunesmith. USA, Hachette Books.

Webern, A. (2014): The Path To The New Music (Primary source edition). London, Wien, Zürich, Mainz, Nabu Press.

Welhaven, J. S. (1957) (henta 2020): Digtets Aand. Norge, Nasjonalbiblioteket.

03.12.2020
11:21
10.12.2020 12:26

Referansar:

Austestad, H.M. (2020): «Demo-Poetikk», masteravhandling, Universitetet i Agder, Fakultet for kunstfag, Institutt for rytmisk musikk.

Aristoteles (2008): Poetikk. Latvia, Vidarforlaget.

Bjerke, A. (1956): Rim og Rytme. Norge, H. Aschehoug & Co.

Boëthius, A. M. (u.d.) (henta 2020): «De Institutione Musica» – PDF-utdrag frå «Five Books on Music».

Burrmeister, J. R. (1993): Musical Poetics. New Haven and London, Yale University Press.

Csikszentmihalyi, M. (1990): Flow. New York, HarperCollins Publishers.

Goethe, J. W. (2016): Goethe’s Theory of Colours (Illustrated Edition). UK, The Echo Library.

Hamilton, A. (2011): Aesthetics & Music. London, Continuum International Publishing Group.

Hindemith, P. (2000): A Composer´s World. Mainz, Schott Musik International.

Pattison, P. (2010): Writing Better Lyrics, 2nd ed. USA, Writer’s Digest Books.

Scholes, R. (1974): Structuralism in Literature. USA, Yale University Press.

Scholes, R. (1982): Semiotics and Interpretation. USA, Yale University Press.

Stravinsky, I. (2003): Poetics of Music, (16th print). Cambridge, Massachusetts og London, Harvard University Press.

Todorov, T. (1981): Introduction to Poetics. USA, University of Minnesota.

Webb, J. (2014): Tunesmith. USA, Hachette Books.

Webern, A. (2014): The Path To The New Music (Primary source edition). London, Wien, Zürich, Mainz, Nabu Press.

Welhaven, J. S. (1957) (henta 2020): Digtets Aand. Norge, Nasjonalbiblioteket.

Mest lest